Den brå og uventa store fallet i oljeprisen vil få større konsekvensar for norsk industri enn finanskrisen i 2009 hadde. Lavere aktivitetsnivå utfordrar no ei heil maritim næring. Heile Vestlandet er råka og Møre og Romsdal blir hardt råka.
Maritim næring er van med å omstille seg, og no treng dei drahjelp. Regjeringa i 2009 sette inn vellukka motkonjukturtiltak då, Møre og Romsdal Venstre krev no at regjeringa denne gongen kjem med gode motkonjukturtiltak . Oljeministeren svarer Sunnmørsposten med ei skuldertrekning i dagens avis etter besøket på Stranda igår. » omstilling» og opning av Mørefeltet for oljeboring er hans svar. Dette er uansvarleg, urealistisk og lite framtidsretta. Urealistisk med omsyn til at det ikkje er pengar å tene på oljeleiting idag og lite framtidsretta i forhold til at vi treng ei miljøomstilling i drivstoffbruk , ikkje aksellerasjon i oljebruk.
Møre og Romsdal Venstre har følgjande krav til motkonjukturtiltak, tiltak som også vil gi oss ei raskare omstilling til grøn vekst, auke kunnskapsnivået vårt og gjere oss meir effektive:
- Miljøfond. Bygging av nye fraktefarty og ferger må få like gode finansieringsordningar som offshore- fartøy. Dette vil stimulere til utvikling av norsk miljøteknologi, bygging ved norske verft og finansiering av andre aktørar. Miljøfinans er katalysatoren som gir ein miljøvenlegvog effektiv skipsflåte, reduserte utslepp og innovasjon av norskutvikla miljøteknologi. Av over 100 ferjestrekningar, kan eldrift kome på meir enn halvparten ( jmfr. Oppslag i smp). Regjeringa må økonomisk stimulere fylkeskommunane til å velje moderne lavsleppsteknologi.
Miljøfond på minst 20 mrd. Kroner. - Vrakpantordning. Store delar av norsk frakteflåte og ferjeflåte har gåttvut på dato. Ei vrakpantordning saman med miljøfinansiering og auka avskrivingsatsar vil gi fornying av flåten og utslippsreduksjon. Regjeringa har også med at dei vurderer ei mellombels vrakpantordning for norskregistrerte skip i sin nye maritime strategi.
- Auka forsking. Regjeringa må følgje opp eigne intensjonar om å » stimulere til økt forskning, utvikling og innovasjon i næringslivet, gjennom MAROFF- programmet». I årets budsjett vart løyvingane til maritim forsking redusert. Fleire av dei større maritime bedriftene vil satse på FOU gjennom bølgedalen slik dei har gjort i bølgedaler før. Det må regjeringa også gjere, også ved å sjå dei havbaserte næringane og fornybar energi i samanheng.
- Meir gods på kjøl. Alle vil det. No må veremidla kome på plass. Ei satsing som også kan gjer at 300.000 lastebiler kan fjernast frå vegane med alt det betyr.
- Intern opplæring under permittering. Ekstramidlar til NAV i ein overgangsperiode for å betre kompetansen til dei tilsette.