Frå ungdomen

Foto: Sfj Venstre

Kronikk av Peder Lofnes Hauge:

Vi elskar deg Sogn og Fjordane. Du er best. På avstand.
Venleg helsing barn av Trivselsfylket.

 

Årets val i Sogn og Fjordane kjem til å handle om strukturdebatt, lokalisering og kven som har gjort kva dei siste fire åra. Det vil bli konkurrert om å vere mest for alt som er bra, og mest mot alt som er vondt og vanskeleg. Og ingen er så vond og vanskeleg som den «den mørkeblå sentraliseringsregjeringa som vil rasere fylket vårt».

Årets val i Sogn og Fjordane bør derimot handle om to ting. Kva fylke skal ungdomen kome heim til i 2050 og kvifor i alle dagar skal dei kome? Det partiet som kan gje det beste, mest konkrete og mest truverdige svaret på dette bør få stemma di. Og førehandsstemma til ungdomen som ikkje bur her.

Latterleg gode

Det er rart med det. Sogn og Fjordane har nokre latterleg gode statistikkar å vise til. Vi lever lengst av alle. Vi gjer det best på skulen. Vi har minst kriminalitet. 97 % av oss skriv nynorsk, og kvinnene våre er dei mest fruktbare. Kven vil vel ikkje bu i eit slikt fylke?

Alt for få. Openbart. Folketalsutviklinga dei siste tretti åra er dyster lesnad. Oljeeventyret hoppa over oss. Vi har knapt tatt del i veksten i statlege arbeidsplassar dei siste ti åra. Medan vi kranglar med kvarandre, opnar nabofylka våre døra til framtida. Men «framtidsfylket», det er oss.

«Framtidsfylket». «Trivselsfylket». Kjært barn har mange namn. Men trivselen er openbart ikkje stor nok til at ungdomen vil bygge framtida si her.

Kanskje er litt av problemet at vi får akkurat dei politikarane vi vil ha – og at vi har ein evig tru på at det først og fremst politikarane og det offentlege som skal redde og trygge Sogn og Fjordane si framtid.

Glansbilete

Fleire har ropt om at vi treng ein ny Kjell Opseth, eller ein ny Einar Førde. Ein tøff politikar som kan gå til topps i partiet sitt og banke i bordet i Oslo. Problemet er berre at ein slik neppe ville blitt vald inn på stortinget av veljarane i Sogn og Fjordane. Vi vil helst ha senterpartistar – anten dei kjem frå Senterpartiet, Høgre eller Arbeidarpartiet. Og kven som skal styre heime er mest som ei naturlov å rekne.

På Hermansverk sit den politiske leiinga og «snakkar opp fylket vårt», men snakkar mindre om utfordringane – i håp om at dette får ungdomen heim. Og ein gong i året kjem dei til Bergen med eit utval varaordførarar og mellomleiarar frå næringslivet for å presentere «draumen om Framtidsfylket». «Her kryr det av moglegheiter.» blir det sagt. «Spanande jobbar ventar», kan dei love. «Velkomen til eit køfritt samfunn!», seier dei. Og gløymer at kø blir skapt av folk.

Eg trur eg vil heim. Men ikkje nødvendigvis til eit fylke som kamuflerer alle utfordringar i eit illusorisk glansbilete av bygdeidyll, beitande kyr og rømmegraut – og som ropar høgt at høgresida må slutte å rasere distrikta, i same andedrag som dei feirar løyve til sjødeponi i Førdefjorden med blautkake.

Eg trur eg vil heim. Men det må bli til eit framoverlent og optimistisk Sogn og Fjordane – som er villige til å gå først inn i ei grøn framtid, og som ikkje slår seg til ro med at vi «skal leve av oljen nokre tiår til», slik eg oppfatta at fylkesordførar Åshild Kjelsnes gjer. Til eit fylke som er villig til å rigge seg for framtida, med kommunar som vil og kan ta på seg fleire oppgåver. Til eit fylke der innbyggarane har ein sunn skepsis mot sentralmakta, heller enn ei panisk frykt for nabokommunen.

Trur ungdom vil heim

Eg trur ungdom vil heim. Heim til eit fylke som ser på den nye tida som noko positivt, ikkje som noko farleg og skummelt. Eit fylke som heiar fram gründerar, kunstnarar. Til eit moderne, fordomsfritt og framtidsretta fylke.

Kanskje ungdomen vil heim, men berre ikkje det det fylket dei forlét. «Så la vere, då», tenkjer du kanskje. «Så slutt å mase på oss, då», svarar eg.

Rundt om i Noreg går skuleflinke, fruktbare, initiativrike og lovlydige barn av framtidsfylket og lurer på om dei skal flytte heim. Med mindre denne og komande valkampar gir oss truverdige svar på kvifor vi bør kome heim, og kva vi skal kome heim til, fryktar eg framtida vår ligg utanfor fylkesgrensa.

Det er ei frykt ein ikkje bør stikke under stol. Eller dumpe i fjorden.

 

 

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**