Erfaring og kunnskap kom godt med på stand i Herefoss

Ole Morten Vegusdal og Aust-AgderVenstres ungdomskandidat Jacob Handegard les om og av Øyvind Bjorvatn på stand i Herefoss

Det kan vere godt med erfaring og kunnskap frå folk som kunne fylket, kunne politkken, kunne valkamp – og kunne både Herefoss og Birkenes. Ole Morten Vegusdal i Birkenes Venstre og ungdomskandidat Jacob Handegard på fylkestingslista les bok om og av Venstres tidlegare stortingsrepresentant Øyvind Bjorvatn utanfor Joker i Herefoss fredag ettermiddag. Venstre stilte på stand saman med Høgre, Ap og KrF, og vi hadde mange interessante og lærerike samtalar med folk i Herefoss. Øyvind Bjorvatn var født i Herefoss, og var stortingsrepresnetant for Vensgtre 1965-1973. Boka «Spøkefugl og alvorsmann. Om og av Øyvind Bjorvatn» kom ut på Bokbyen Forlag til 80-årsdagen hans 21. april 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**