Venstre sikra kvart million til Fyllingsdalen teater

Anne-Beth Njærheim, Foto: Øyvind Hjelmen

Venstre sikra i dagens møte i Kultur- og Ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune, 250 000 kr til Fyllingsdalen teater. I innstillinga frå Fylkesrådmannen var teateret ikkje tilgodesett med midlar. Venstre var ueinig i premissen om at Fyllingsdalen teater ikkje har en regional funksjon og valde å støtte teateret.

«Fyllingsdalen teater gir eit tilbod til ungdommar frå 10 ulike kommunar i Hordaland og er eit nyttig supplement til dei godt etablerte teatera i Bergen. Vi er veldig glad for at vi fekk sikra støtte til Fyllingsdalen Teater», seier 1. kandidat til fylkestinget Anne-Beth Njærheim.

«Eg vil på vegne av oss alle her i Fyllingsdalen Teater få takke for at Venstre har engasjert seg så mykje i denne saka – og for barn og unge sine oppvekstvilkår. Midlane frå Kultur- og ressursutvalet er nå ein flott start for oss til å gå i gong med prosjektering av nytt, og sårt tiltrengt, teaterbygg», skriv teatersjef Jørn Kvist i ei helsing.

Kontaktperson: Anne-Beth Njærheim

E-post: [email protected]
Telefon: 915 16 011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**