Hugs fylkestingsvalet

Foto: Steinar Bleken

Sissel Urke H

Haustens val er også eit fylkestingsval.

Sissel Urke, Ål Venstre står på 2. plass på Buskerud Venstre si liste til Fylkestingsvalet. Vil du at ein erfaren lokalpolitikar frå Ål og Hallingdal skal vere med å påverke fylkestingspolitikken må du hugse å legge Buskerud Venstre si fylkestingsliste i valurna 15.september. Les meir om Sissel Urke her…..

Sissel er 49 år, gift med Erlend og har 3 barn på 26, 23 og 19. Ho har budd på Ål sidan 1992, men er opprinnelig frå Sunnmøre. Sissel er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og Familieterapeut med arbeidsstad ved Ringerike Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, avdeling Ål. Der fungerer ho som teamleiar i Hallingdal, med lokalisering ved Hallingdal Sjukestugu. Tidlegare arbeidserfaring har Sissel primært i vaksenpsykiatrien, men ho har og arbeidd ved kirurgisk avdeling ved Sentralsykehuset i Sogn og Fjordane, som lærar i vidaregåande skule og i Bufetat ( statlig barnevern).

Politiske verv: Sissel har representert Venstre i tre periodar i kommunestyret i Ål, ein periode sat ho i Formannsskapet, og siste periode har ho vore leiar i Sektorutval for helse- og sosial.

Sissel har hatt ulike verv i Ål venstre og Buskerud venstre, og er no nestleiar i Buskerud venstrekvinnelag.

Politiske saker: Sissel er opptatt av korleis vi skal løyse velferdsutfordringane i framtida, gjennom stimulering til god folkehelse, gode offentlige helsetenester og gode rammevilkår for det frivillige organisasjonslivet. Ho er vidare opptatt av at vi tek klimautfordringene på alvor, og sikrar gode levekår for komande generasjonar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**