Det største utviklingsproblemet for fylket vårt er kvinneunderskotet. Unge kvinner reiser ut for å utdanne seg og kjem ikkje tilbake. Dette vil Venstre gjere noko med. Den siste 4- års perioden har Venstre brukt krefter på å skape ei erkjenning av at kvinneunderskotet er det største utviklingsproblemet vi har. Vi føler no at erkjenninga nærmar seg: Mellom 2008 og 2012 hadde vi eit flyttetap på 4000 unge mellom 20 og 29 år.
Berre Finnmark har dårlegare kvinneandel i befolkninga enn Møre og Romsdal. Vi manglar ein likestillingskultur, vi er på botn på SSB sin likestilllingsindeks ilag med Agder og Rogaland. Unge kvinner opplever at både næringsliv og politikk er dominert av godt vaksne menn. Få jenter vel utradisjonelle yrkesfag.
Kvinneunderskotet er alvorleg først og fremst fordi vi misser kvinner som skulle vere med i samfunnsutviklinga både i næringsliv, organisasjonsliv og det private sosiale livet. Resultatet blir meir mannstenking og fylket blir endå mindre attraktivt for både kvinner og menn. I tillegg er det sjølsagt alvorleg at det blir færre kvinner til å føde ungar slik at vi blir meir og meir avghengig av tilflytting for å oppretthalde folketalet.
Venstres tiltakspakke for eit meir attraktivt fylke:
- Lage eit langvarig program for å få unge kvinner attende til fylket.
- Fleire regionale traineeordningar for høgt utdanna ungdom
- Satse meir på kollektivtransport og sykkelvegar
- Lyntog som gir kortare reisetid til Oslo og Trondheim
- Satse meir pengar på utvikling av byar og tettstader for meir urbanitet
- Satse meir pengar på møtestader for ungdom / unge vaksne i by og bygd.
- Gi betre informasjon og rettleiing om arbeid i Møre og Romsdal når dei unge skal velje utdanning
- Satse meir på likestillingsarbeid for å få ein open og mangfaldig kultur.
- Satse vidare på kreativfylket som skal dyrke dei kreative næringane
- Gi ungdom meir dei skal ha sagt i politikken