Kristin Ødegård Vestgarden skriv om helse og velferd i Bø

Evy Beate Tveter

Helse og velferdi i Bø kommune
Helse og omsorgstenesten i Bø kommune inneheld mange oppgåver, det er mange ulike grupper som kjem inn under sektoren som tek omlag 45% av budsjettet til kommunen. Sommaren 2015 sto den nye sjukeheimen klar til bruk. Eit bygg til 240 mill som vart levert til rett tid, utan bedsjettsprekk og som eit samla politisk miljø i Bø sto bak. Det har blitt eit fantastisk bygg som mange av innbyggerane i kommunen kjem til å ha glede av i mange år framover.

Eldreomsorg
I programmet til Bø Venstre står det: “Bø Venstre har vore tydelege på at innbyggarane skal få bu heime så lenge som mogleg, men at det må henge saman med tryggleik for kvar enkelt”
For å oppnå dette målet er det fleire ting som må vera på plass.
– det må vera nok ressursar i heimetenesten slik at alle kan føle seg trygge, og at dei som treng det, får nok hjelp slik at dei mestrar enkle ting i kvardagen.
– på siste kommunestyremøte før sommaren fekk me på plass ein fysioterapiressurs som bl. a skal vera med på bygge opp eit kvardagsrehabileteringsteam. Eit slik team skal vera med å kartlegge behovet til kvar enkelt brukar, dei skal kunne gi hjelp heime i kortare periodar og vere ein aktiv tilretteleggar. Fysioterapeuten skal også gje hjelp på korttidsavdelinga slik at dei som er innom der fortare kjem heim og fleire pårørande kan få avlastning og ei pause i kvardagen.
– å skape gode møteplassar som aktivitetssentert kvar torsdag er også viktig. Bø venstre vil vera ein garantist for at det tilbodet skal bestå. At dei som bur heime skal få eit slikt tilbod er med på å skape gode kvardagar for kvar enkelt. Det er viktig med aktivitetar og gode møteplassar for å skape god livskvalitet.

Helsestasjon og helsesøstertenesta
Helsestasjon for dei yngste og helsesøsterteneste for ungdom er område som me ynskjer å prioritere. Tidleg innsats for dei som har ekstra behov vil gi betre livskvalitet og dei vil vera betre rusta til å ta fatt på ungdom,- og vaksenlivet.
Dei unge har mange utfordringar og dei er utsatt for press frå mange kantar. Dei lever i ei tid der dei skal prestere på skule, vera aktiv på fritida, ha mange vener, sjå fine ut; lista til desse ungdomane er uendeleg lang. Å gje dei sjølvtillit på at dei er gode nok akkurat slik dei er, kan vera ei vanskeleg oppgåve. Det er ikkje bestandig me foreldre strekk til på alle områder og då er det viktig for ungdommen å ha helsesøster å gå til.

Frivillighet
Det er mange oppgåver som skal dekkast i helse og omsorgtenesta. Sjølv om budsjettet er, som tidlegare sagt stort, er det ikkje nok.
Dei frivillige er ei viktig del av detta arbeidet. Dei har besøkstjeneste, kjører ut mat til dei som bur heime, stiller opp på aktivitetssenteret, pårørande har stor omsorg for sine, lista er lang . Eg er full av beundring og har stor respekt for den jobben desse gjer på alle områder og takkar for all innsats. Det offentlege kan ikkje klare alle oppgåvene aleine og dei frivillige er ein resurss som me er heilt avhengige av. De skal alle veta kor viktig det arbeid de gjer er!

Me i Bø venstre ønsker å videreføre det arbeidet me er i gang med, både i helse og velferdspolitikken og i skule. Me er godt i gang og skal me klare å nå måla me har sett oss må du stemme Venstre! Godt val!

Kristin Ødegård Vestgarden
Leiar av helse og velferdsutvalet (HV)
2. kandidat for Bø Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**