Moglegheitene i det nye, grøne næringslivet ligg og ventar på at vi politikarar skal kome etter og gripe dei. I Sogn og Fjordane er desse moglegheitene større enn dei fleste andre stader – på grunn av naturressursane og kompetansemiljøa vi allereie har. Her ligg potensialet til å tiltrekke oss bedrifter, folk og kapital. Her ligg potensialet for vekst i Sogn og Fjordane. Ikkje ved å bli kjend i landet og verda over som den siste staden i verda der vi godtar dumping av gruveavfall i sjøen.