Anne- Jorunn Ryum Møen hadde i avisa for tirsdag 11. august eit godt innlegg om verdien av den nyleg vedtatte kulturplanen i Voss, og kva prioriteringar Venstre i Voss går inn for.
Kulturopplevingar har både eigenverdi, bidrar til identitetsbygging, kunnskap og erkjenning i samfunnet, og kan spela ein stor rolle for nærings- og distriktutvikling. Både kommune, fylke og stat må arbeida aktivt for dette.
Hordaland Venstre er slik heilt på line med Voss Venstre. Samstundes er fylkeskommunal kulturpolitikk svært viktig for kultur og kulturopplevingar i Voss og indre Hordaland!
I siste periode har Anne-Beth Njærheim frå Venstre hatt leiarvervet i fylket sitt kultur- og ressursutval. Venstre har vore sentral i å få vedtatt ein samla kulturplan for Hordaland, etablert tilskotsordning til kommunale kulturminneplanar og auka støtta til museum og til friluftsområde. Den nynorske kulturinstitusjonen Hordaland teater har fått støtte til å flytta til Bergen sentrum.
Terje Breivik, stortingsrepresentant for Venstre, bidrog m.a. aktivt til at Olav Hauge-senteret i Ulvik no har skikkelege driftsvilkår.
Hordaland Venstre vil halda fram med ein offensiv kulturpolitikk dei komande år. Venstre ønskjer å styrka Hordaland teater, satsinga på museum, kulturminneplanar, frivillige aktørar, hardingfelesenter og å utvikla attraksjonar knytta til kulturminne og kulturhistoriske landskap.
Og Venstre i fylkestinget vil støtta opp om Bergen som sentral kulturby i Noreg og internasjonalt.
Anne Beth Njærheim 1. kandidat på Venstres fylkesliste og Torstein Gunnarson 5. kandidat