Radøy må styrke helsesøstertenesta i ungdomsskulen

Bård Mangerøy

Radøy Venstre meiner at helsesøstertenesta på Radøy Ungdomskule må styrkjast.

– Forsking viser at helsesøstre i skulen kan spele ei avgjerande rolle for å hjelpe elevar som slit. Ei skikkelig satsing på psykisk helse er utruleg viktig for å hindre at unge fell ut av skulen og arbeidslivet, seier Agnes Hoshovde Bernes, Radøy Venstre sin 2. kandidat og ungdomskandidat (20 år).

Nasjonal satsing

I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvd 70millionar kronar meir til helsestasjonar og skulehelsetenesta, etter forliket med Venstre og KRF. Også i 2014 vart det løyd ekstra midlar, men berre halvparten av kommunane nytta pengane på føremålet. Dei kunne la vere fordi midlane ikkje var øyremerka.

-Sjølv om Venstre foreslo å løyve heile 330 millionar i vårt alternative budsjettframlegg, så er det fortsatt ei stor og viktig satsing ein har fått til. Pengane skulle gå til tilsetting av fleire helsesøstre i skulehelsetenesta og til fleire tilsette på helsestasjonar, seier Bernes.

Ikkje fulgt opp av Radøy kommune

-Radøy kommune har dessverre ikkje fulgt opp den nasjonale satsinga. Her ha dei friske midlane akkurat som i mange andre kommunar dessverre gått med i det store dragsuget. Dette synest eg er utruleg synd. Når ein veit at utfordingane på det psykiske helseområdet blant unge er både store og aukande, så må ein setje inn tiltak, fortset Bernes.

Behov på Radøy Ungdomsskule

-Eit døme på at behovet er der kan ein sjå på Radøy Ungdomsskule. Der er helsesøster bare innom skulen ein dag i veka, og det er alt for lite. Dette gjer at ikkje alle som treng hjelp får det. Radøy Venstre meiner derfor helsesøstertenesta på Radøy Ungdomskule må styrkast i tråd med den nasjonale satsinga, og vil jobbe for dette, avsluttar Bernes.

Les saka i Strilen 19.8

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**