Stortingsrepresentant Terje Breivik er i Hallingdal måndag 24. august. På turen har han med seg toppkandidatane på venstre si fylkestingsliste, Anders Wengen og Sissel Urke, i tillegg til fylkestingskandidatene stiller Gols ordførar Hallvor Lilleslett.
Stortingsrepresentant Terje Breivik startar med bedriftsbesøk i Flå med HallingEventyr.
Deretter går turen til Hemsedal Veksthus og eit ope møte med næringslivet i Hemsedal. Det blir lagt opp til drøfting og dialog. Tema blir i hovudsak småbedrifter og nyetableringar innan reiseliv/landbruk, før turen går vidare til Ål.
På Sundre blir det “langbordmøte” i Myren, ved «Landkrabba», om veret tillét det. Her kan folk møte stortingsrepresentant Terje Breivik, ordførarkandidat Torleif Dalseide og fleire. Tema for møtet blir næringspolitikk og samferdsel i Hallingdal m.m.
I Hol er det bedriftsbesøk før det heile blir avrunda med eit ope møte på Geilo Samfunnhus med tema Turisme/berekraft. -Grønt skifte for reiselivet i Hol.