Tidlegare vaktkommandør for FN i Gaza, røykdykkar på verftet, og Stord Venstres 8. kandidat Harald Nes.
Harald med sine 80 år er ein bauta i lokallaget og har vore med i lang tid. Han var i FN-styrkene i tre periodar, på Gaza-stripa frå sør til nord frå våren 1961 til hausten 196, der tenestegjorde han som lagførar og vaktkommandør..
Harald har i fleire periodar vore medlem av Helse og sosialstyret i kommunen, han var med i barnevernsnemnda, kommunen sin representant for fritidsklubbane, vore vara til kommunestyret og fylkestinget. Har også vore medlem av menighetsrådet og er i dag aktiv i Odd Fellow-logen på Stord. Han har også vært medlem av funksjonærforeninga til FLT Aker Stord i 30 år, i dag Kværner. Og var leiar der i 20 år. Og han var med i industrivernet ved verftet som røykdykkar i branntroppen i 37 år.
Korfor røystar du Venstre?
Eg er mest oppteken av helse og sosialpolitikk, infrastruktur og økonomi og ellers det meste politikken omfattar. Eg er Venstre-medlem pga den sosialliberale grunnhaldninga, med mennesket i sentrum. Eg mislikar sterkt totalitære haldningar.