Med oss på lista har me vore så heldige å få med både Guro og Ståle Betten. Guro er 40 år og arbeidar som adjunkt ved Fitjar Vidaregåande Skule. Ståle er 46 år og og er teknikar i Thorsen Kontormaskiner. Begge to kjem opprinneleg frå Trondheim men flytta til Stord i 1997.
Dei er veldig glade i natur og friluftsliv, på fritida fyllar dei ofte dagane med kajakkpadling i nærmiljøet.
Kvifor røystar dykk Venstre?
Ståle: – Det som fekk meg til å stemma Venstre er Venstres politikk overfor gründere. Venstre vil gje dei gode ideane dei beste føresetnadane, så ein kan skapa nye arbeidsplassar i distriktet vårt. På det nasjonale plan er det kampen for individets rett til privatliv, datalagringsdirektivet som har skapt mest engasjement.
Guro: – Eg ønskjer å arbeida for gode kår for musikkmiljøet på Stord, som er svært stort og bra. Eg vil arbeida for desentralisering av tilbodet i kulturskulen, det er viktig at tilbodet kjem der kor elevane er. Det er viktig at kulturskulen er tilgjengeleg for alle og at dei ulike kulturtilboda i kommunen får gode rammevilkår, som er med på å skapa mangfald i Stordsamfunnet. Som ubetalt sjåfør for aktive born er det lokale busstilbodet eit viktig tema. Skal me ta buss, må den gå. Det som opptar meg mykje er å ta faget tilbake i skulen, eg vil arbeida for god helsefagleg dekning i skulen, fleire helsesøstre, så eg som lærar kan nytta tida på fag og helsevesenet kan nytta sin kompetanse til å hjelpa elevane å takla kvardagen sin.