Velkommen til valkampopning på Nordfjordeid

Sogn og Fjordane Venstre

Sogn og Fjordane Venstre inviterer til valkampopning på Nordfjordeid torsdag 20. august kl. 16.00. Møt opp ved Gamlebanken. Her vil Venstre-leiar Trine Skei Grande delta. Vi ønskjer alle velkommen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstre-leiaren skal innom bedriftene Eid Elektro, ReNorway og LocalHost/Lefdal Mine Datacenter, og ho skal på skulebesøk til Eid Ungdomsskule og Eid vidaregåande skule. Ho skal også på gardsbesøk for å lære meir om landbruksnæringa. Venstre sin fylkesordførarkandidat i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang, er også med.

 

– Sogn og Fjorande Venstre er glade for at Trine Skei Grande kjem til vår valkampopning på Eid, og at vi får høve til å syne dei store mulegheitane for nye arbeidsplassar som ligg i dei grøne framtidsnæringane både i matproduksjon, industri og teknologi – også ute i distrikta, seier fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang.

 

– Eid Venstre er også stolte av dei gode resultata skulen i Eid kan syne til, ikkje minst når det gjeld å få ungdom gjennom skuleløpet og vidare ut i arbeidslivet. Her er Eid no mellom dei beste kommunene i heile landet. Vi trur Venstre-leiaren og andre nasjonale politikarar kan hente inspirasjon frå våre skular, og kor viktig det er å legge til rette for ein god oppvekst for born og unge, seier lokallagsleiar Gunvald Ludvigsen og Alfred Bjørlo i Eid Venstre.

 

Trine sitt program for dagen:

 

Kl 1315-15: Besøk på Eid ungdomsskule og Eid vidaregåande skule: Tema «Den gode skulen» og gjennomføring i skuleløpet (Eid er på topp i landet i gjennomføringsprosent i skuleløpet – Sogn og Fjordane beste skulefylke i landet saman med Oslo/Akershus)

 

Kl 15-1530: Opplegg med Sogn og Fjordane Unge Venstre

 

Kl 16-17: Valkampopning ved Gamlebanken

 

Kl 1800: Regionsamling med alle lokallaga i Nordfjord.

 

Vi oppmodar alle som skal delta på regionsamlinga om å komme til valkampopninga!

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**