Valprogrammet for Etnedal Venstre

Etnedal Venstre_2

Eit framtidsretta Etnedal

Venstre vil at politikk skal handle om folk. Det skal handle om å gje alle moglegheiter til å finne sin eigen måte å leve livet på, og om å bygge eit samfunn som tek vare på oss når vi treng det.

For Venstre handlar det om å skape dei gode fellesskapsløysningane som skal gje neste generasjon minst like trygge og gode liv som vi har i dag. Etnedal Venstre vil arbeide for at demokratiske prosessar er opne og synlege for folk.

Etnedal Venstre vil at kommunen vår skal ta aktivt del og stille konkrete krav i kommunereformprosessen. Fornying trengst, men vi er svært opptekne av at nære tenester som skule, barnehage og eldreomsorg må fortsette å vere nære og at det fortsatt blir aktivitet i kommunehuset vårt i framtidig kommunestruktur.

Verdiskaping
Venstre vil legge til rette for næringsdrivande og lokale bedrifter som skapar arbeidsplassar. Landbruket produserar mat og tenester, held kulturlandskapet i hevd og er viktig både for busetting, sysselsetting og turisme. Etnedal Venstre vil:

  • Arbeide for å sikre det eksisterande næringslivet i Etnedal
  • Ta vare på det tradisjonelle landbruket og stimulere til etablering av tilleggsnæring for dei som ynskjer det
  • At det skal lønne seg for bonden å ta vare på kulturlandskapet og å hindre attgroing
  • Sikre at næring er ei prioritert oppgåve og ei definert administrativ arbeidsoppgåve kommunen

Skule, barnehage og kulturskule
For Etnedal Venstre er det å sikre ein trygg og god oppvekst for alle ungar ei av dei viktigaste oppgåvene vi som fellesskapet må løyse. Satsing på skule og barnehage er den beste investeringa for framtida i Etnedal. Etnedal Venstre vil:

  • Arbeide for å utvikle skulen og barnehagen slik at det inspirerer til læring, leik, kulturell og fysisk aktivitet
  • Sikre ressursar til kulturskulen i Etnedal for å ta vare på breidde, mangfald, kvalitet og integrering og gje eit godt tilbod for flest mogleg – også vaksne
  • Bidra til at tilbod for ungdom vert oppretthalde og styrka

Kultur
Venstre meiner at kultur har stor eigenverdi og verdset kulturlivet høgt. Venstre vil difor leggje tilhøva til rette for eit variert kulturliv og sikre kulturminner som Lundebrua for framtida. Etnedal Venstre vil:

  • Ta vare på kulturminne i bygda med hovudfokus på kultur og historie langs Etna
  • Arbeide for å sikre vedlikehald av Lundebrua og statleg finansiering av ny bru
  • Leggje rammer for eit aktivt kultur og idrettsliv
  • Gje tilgang til tilskuddsportalen for lag og organisasjonar
  • Leggje til rette for videreføring av Etnedalsdagane
  • Stimulere til utvikling av treffpunkt på Bruflat

Velferd
Dei fleste har det godt i Etnedal, men blir vi ramma av sjukdom, står utan jobb eller noko skjer, skal vi alltid kjenne oss trygge på at vi blir sett og får hjelp og omsorg. Venstre vil ha eit godt og trygt offentleg helse- og omsorgstilbod, i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Etnedal Venstre vil:

  • Arbeide for å oppretthalde det gode tenestetilbodet innan pleie og omsorg
  • Arbeide for betre løysingar for legekontor/venterom for pasientar og tilsette
  • Styrke det forebyggjande arbeidet retta mot born og unge i høve til rus
  • Vere med å videreutvikle tilboda på Frivilligsentralen

Natur og Miljø
Venstre er eit miljøparti og opptekne av å skapa framtidsretta løysingar for eit bærekraftig lokalsamfunn og tenkje grøne alternativ der det er mogleg. Etnedal Venstre vil:

  • Utvikle moglegheitene for rekreasjon, turisme og næringsverksemd knytta til natur, historie, kultur og friluftsliv langs Etna-vassdraget
  • Arbeide vidare for ein gang- og sykkelveg mellom Bruflat og skulen
  • Leggje til rette for at eigedomar blir halde i hevd og tekne i bruk
  • Ha ei arealforvaltning som sikrar område i kommunen vår som innbyggjarar, hyttefolk og turistar kan bruke til friluftsliv og rekreasjon, samstundes som det tek vare på det biologiske mangfaldet

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**