I Sunnmøringen på nett 4.8 utfordra arrangørane av Stranda Fjord Trail Race politikarane til å vise kva som er det tøffaste partiet i Stranda ved å stille opp i light-versjonen av SFTR.
Stranda Venstre tek no denne utfordringa og 2 av våre kandidatar stiller til start. Både Amalie Birkhol på 2.plass og Oda Mykebust på 3.plass er påmelde til løpet. Kjenner vi Amalie og Oda rett tek dei nok sikte på å vise ryggen til dei andre partia som eventuelt stiller til start.
Når no to av våre kandidatar stiller til start utgjer dette heile 28,6% av våre listekandidatar – og dette talet trur vi dei andre partia skal slite med å slå! Dei slår oss kanskje i løypa, men med ein så høg deltakarprosent er det ikkje tvil – Stranda Venstre er heilt klart det tøffaste partiet i Stranda.