Nestleiar Ola Elvestuen til Stranda

Ola Elvestuen

I samband med valkampopninga i Stranda er vi så heldige å få besøk av nestleiaren i partiet og leiaren av Stortinget sin Energi og Miljøkomite, Ola Elvestuen. Ola Elvestuen vil vere på Stranda 18. – 19. August og besøke alle bygdelaga og fleire bedrifter i løpet av besøket.

Fokus for besøket vert miljø og energipolitikk samt kva vi i Stranda Kommune kan gjere for å verte ei føregangskommune for grøn næringsutvikling.

Tysdag, i samband med besøket i Geiranger, vil vi legge eit særleg fokus på visjonen til ”Grøn Fjord 2020” om sporlaus ferdsel i verdsarvområdet og andre aktuelle miljøutfordringar lokalt.

I tillegg vil vi besøke ulike bedrifter for å drøfte andre dagsaktuelle saker lokalt, regionalt og nasjonalt. Særleg aktuelt vert problematikken rundt reguleringsplanen for Hellesylt sentrum og arbeidsinnvandring og integrering.

Program for besøket:

Tysdag 18.08

  1. 10.30 Besøk på HT-bygg, Hellesylt. Med fokus på reguleringsplan, utfordringar for småbedrifter i distrikta m.m.
  2. 11.45 Gatevandring i Hellesylt. Høve for folk/presse til å slå av ein prat.

Kl.14.00 Deltaking på Versdarvstiftinga/UNESCO si markering av 10 år med verdsarvstatus i Geiranger.

  1. 15.30 Pressemøte – ved Fjordsenteret i Geiranger.
  2. 16.00 Møte med Verdsarvstiftinga/UNESCO. Omvising på Fjordsenteret.
  3. 17.30 Guiding/Prøvekøyring av Twizy El-bil.

Ca. 18.15 Retur til Stranda for eit internt arrangement på Stranda Hotell.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**