Kommunevalet – kultur og frivilllighet iBø
Det blir av mange sagt at «kulturen er limet i kvardagen». Eller som det står i programmet vårt: «Bø Venstre ser ikkje på kultur som «pynten på kaka» men meir som «gjær» som gjer at eit samfunn veks og vert kultivert. l den forstand tenker vi at det aller meste av fritidssyslar fell inn under dette begrepet og er med på å gje krydder til kvardagen for svært mange av oss. l Bø er vi så heldige at vi har eit kultur- og organisasjonsliv som svært få andre kommunar i Norge kan vise maken til. Det aller meste av dette bygger på ein fantastisk dugnadsinnsats av hundrevis av personar som tek sitt ansvar i styre i lag og foreningar og til organisering og gjennomføring av aktiviteten i laget gjennom året.Takk til alle for svært godt utørt arbeid- de er alle med på å gjera Bø til ein kommune der det er svært godt å bu!
Og alt dette skjer i eit godt og innarbeidd samspel med kommunen,Bø Sommarland og mange andre aktørar. Kor mykje er kommunens forteneste vil enkelte spørja om? Det er da viktig og rektig å trekke fram kommunens betydeleg økonomiske bidrag både til Gullbring kulturanlegg,Telemarkshallen,Sandvoll og andre mindre anlegg og prosjekt.
Bø Venstra vil sikre ei god og effektiv drift av Gullbring som kommunens storstove. Da vi ser kor viktig Gullbring er som navet i alle dei store turneringane og festivalane i bygda forstår vi fort kor viktig det er å bygge opp under denne satsinga. Vidare vil Venstra spele ei aktiv rolle i utvikling av Campus Bø til eit kulturelt kraftsentrum i tillegg til satsing på kompetansemiljøet. Kulturskulen står langt framme på Venstre si liste over satsingsområde samtidig som det er svært viktig å stø opp under det fantastiske arbeidet som alle ved Frivilligsentralen står for.
Alle er kjent med at Bø kommune har ein krevande økonomisk situasjon. Det vil difor vera uforsvarleg å lova økonomisk støtte ut over det som ein har på dagens nivå. Men Venstre vil også i komande kommunevalperiode arbeide for å oppretthalde og dersom mulig styrke rammevilkåra for dei frivillige aktørane – etter kvart som økonomien tillater det. Samtidig veit vi at det ofte ikkje bare er snakk om økonomi- men «at noko bry seg». Med ei sterk Venstre-gruppe i neste kommunestyreperiode også skal du vera sikker på det frivillige
lagsarbeidet i bygda skal får så gode vilkår som det let seg gjera.
Godt val!
Bø i Telemark,10. august.
Augon Eika-
7. kandidat på lista til Venstre