Venstre-lista har flest kvinner

Sølvi Ann Solheim Løkkebø er ei av dei 15 nominerte kvinnene på Venstre-lista i Fjaler, Foto: Fjaler Venstre
Sølvi Ann Solheim Løkkebø er ei av dei 15 nominerte kvinnene på Venstre-lista i Fjaler
Sølvi Ann Solheim Løkkebø er ei av dei 15 nominerte kvinnene på Venstre-lista i Fjaler

Venstre er det partiet i Fjaler som kan vise til flest kvinner på lista til årets kommuneval. I alt har Venstre nominert 15 kvinner på lista – av totalt 29 kandidatar. Kvinnerepresentasjonen i Fjaler kommunestyre har vore låg siste periodane. Dette kan veljarane gjere noko med ved å nytte Venstre-lista aktivt ved årets val.

 

Nest flest kvinner finn vi på Sp si liste med 11 nominerte. Krf og Ap har nominert 10 kvinner kvar, MDG 6 og SV 5. Dårlegast ut kjem De Kristne og ikkje minst Høgre med 3 nominerte kvinner kvar. Det er også verdt å merke seg at ingen av dei åtte partia i Fjaler stiller med ei kvinne på topp ved årets kommuneval.

 

Tar vi føre oss den prosentvise kjønnsfordelinga, kjem Krf og Venstre best ut med høvesvis 62% og 52%. Mdg kjem like bak med 50% kvinneandel, Sp har 48%, SV 45%, AP 43% og De Kristne 37%. Høgre kjem særs dårleg ut med berre 14% kvinner på lista.

 

I det noverande kommunestyret finn vi 7 kvinner – av i alt 23 representantar. Dette gir ei kjønnsfordeling på 30% kvinner og 70% menn. Også i forrige kommunestyret (207-2011) vart det vald inn 7 kvinner.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**