Eg vokste opp i og blei komponist mykje takka vera det rike og energiske kulturlivet i Os. Eg er ikkje den einaste heller. Det kjem stadig nye talent frå Os som markerer seg på nasjonalt nivå. Det er som om det er noko heilt spesielt med vatnet her.
I musikklivet har mange rundt om i landet lagt merke til denne straumen av talent og dei spør kva det er med Os. Det er vanskeleg å svare på, men det viktige er å ha ta vare på og gi dei mange talenta gode arenaer og vekstvilkår også når desse er blitt vaksne og skal leva av talentet sitt.
Det er blitt gjort mykje godt på kulturfeltet i Os dei seinare åra, men enda finst det eit potensiale til betring. Venstre har politikken og ideane som skal til for å utvikle kulturlivet i Os.
Eg har vore heldig som har fått vera med å forme Oseana til det flotte bygget det i dag er blitt. Venstre har lyst til å fortsette og utvikle Oseana med eit tilbygg inn mot parkeringsplassen som kan romme ein ekstra, noko mindre sal med plass til 150-200 samt Os folkebibliotek. Vi vil at det skal myldre av folk på Oseana til alle tidar på døgnet med lavterskeltilbud for alle aldersgruppar. I tillegg vil vi gjera det enda lettare for det frivillige kulturlivet å bruke Oseana. Oseana skal bli ein møtestad der alt kan skje!
Skal det bli skikkelig liv på Osøyro må det også her vera gode møtestadar og ikkje minst arbeidsplassar i tillegg til bustader og handel. Venstre vil ha eit bygg for kultur og medianæringer, eit mediatek der unge som eldre kan møtast, ta ein kopp kaffe og les avisar/surfe på nett samt visningsrom både ute og inne for handverkare, mediautviklare og kunstnare.
Kultur og medianæringa er på framvekst over heile Europa. I Os ønsker vi eit taktskifte i forhold til å støtte opp om kunstnare og kulturentrepenører. Vi vil profesjonalisere måten kommunen støttar opp om slike, økonomisk og på andre måtar og på den måten sørge for trygge gode rammer for dei som driv kulturlivet fram.
Os Venstre vil fortsatt vera med og utvikle festivalar og arenaer som OsFest og Vedholmen Galleri. Vi vil også sørge for at frivillige lag og foreninger får lokaler og midler til fortsette det gode arbeidet. Kulturskulen er viktig for oss, likeeins dei som tar vare på kulturtradisjonane våre som Oselvarverkstaden og Lyngheim.
Kulturpolitikken til Venstre er mykje grunnen til at eg blei Venstrepolitikar. I mange år har eg fått vera med og forme denne politikken, og blant kulturfolk har Venstre ry på seg å ha noko av den beste kulturpolitikken. Sånn er det i Os også. Vår kultupolitikk er eit fyrverkeri av idear og verkemiddel som vil utvikle kulturen i Os på alle nivå. Handverkstradisjonane, kulturnæringane, det frivillige kultur og idrettslivet, dei profesjonelle kunstnarane og kulturentrepenørane, festivalar og kulturbygg.
Gir du ei stemme til Venstre, gir du ein stemme til kulturen!
Glenn Erik Haugland
Komponist og 2. kandidat, Os Venstre