Spørsmål frå Utdanningsforbundet

Born utforskar i fri naturleik, Foto: Astrid Larsen

Utdanningsforbundet har stilt partia på Stord ein rekke spørsmål og begrunningar for spørsmåla sine, her er Stord Venstres svar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Utdanningsforbundet Spørsmål 1)
Etter innføring av rammefinansiering har barnehagane i Stord kommune opplevd store kutt i tilskot. Kutta har ført til større barnegrupper og redusert bemanning. Stord kommune har inga bemanningsnorm for sine barnehagar, men Stord kommune ynskjer kvalitetsløft. Kvalitetsløft føreset auka bemanning. Ein tredjedel av bekymringsmeldingane til Foreldreutvalet for barnehagar handlar om for låg bemanning. Skal barn bli godt ivaretekne og skal foreldre føla seg trygge på at deira barn vert sett, krev dette bemanningsnorm. Regjeringa formidla i 2013 at ein kan forventa bemanningsnorm innan 2020. Det er ikkje forsvarleg å venta så lenge.Vil ditt parti innføra ei bemanningsnorm i 2016 på 1 vaksen per 6 store barn (over 3 år) og 1 vaksen per 3 små barn (under 3 år)?

 

Stord Venstre svarar:
Bemanningsnorm er viktig for å ha nok folk på jobb, for å sjå borna. Og for å reint praktisk å oppfylla pedagogiske mål. Stord Venstre ønskjer ei bemanningsnorm i same stil som utdanningsforbundet skisserar, me kan derimot ikkje lova at dette vert innført allereie frå 2016.

Utdanningsforbundet Spørsmål 2)
Utdanningsforbundet Stord er uroa over at dei kommunale barnehagane er i stort mindretal i høve barnehageandelen i Stord kommune. På Stord er andelen private barnehagar nær 80 % Me meiner at ansvaret med å drive fagleg gode barnehagar skal ligge til offentleg sektor. Dersom Stord kommune skal få fram sin visjon med å drive gode barnehagar, må kommunen sjølv vere ein sterk barnehageaktør.
Vil ditt parti arbeida for å auka andelen kommunale barnehagar i kommande periode?

 

Stord Venstres svar:
Det viktigaste for oss er at me sikrar gode barnehagar og gode oppvekstvilkår for dei minste borgarane våre. Me er ikkje samd i at det berre er kommunen som driv fagleg gode barnehagar. Dei private aktørane i barnehagesektoren har dyktige fagpersonale og tilsette som gir blod, slit og tårer for bornas beste på lik line med offentleg sektor. Å driva gode barnehagar er ikkje uforenlig med å ha private barnehagar.
Derimot er me samde i at det er fornuftig for kommunen å ha ein god andel kommunale barnehagar, ser me framover i tid og tenkar kommunesamanslåing med t.d. Bømlo så har dei ingen kommunale barnehagar. Då vil andelen verta enda mindre. Utfordringane her er at kommunen har mange store byggeprosjekt på investeringsplanen sin, og med aukande gjeld er det ei utfordring. Me legg vekt på at det kan vera nyttig å styrka den kommunale delen av barnehagesektoren, men vil ikkje forplikta oss til at dette er einaste løysing for å få realisert barnehageutbygging.

Utdanningsforbundet Spørsmål 3)
Utdanningsforbundet er kritiske til at eigarar pålegg barnehagar å bruka gitte pedagogiske program, kartleggingsverktøy og metodar. Ei sterk satsing på enkelte fagområde vil gå på bekostning av det barnehagepedagogiske perspektivet, der det heilskaplege mennesket er i fokus. Det handlar ikkje berre om metodefridomen til barnehagelæraren, men også om omsynet til barnet og verdiar forankra i barns rettar.
Vil ditt parti sikre metodefridom for barnehagelæraren?

 

Stord Venstre svarar:
Venstre vil vera med å gje meir metodefridom til barnehagelærarane i høve kartlegging av borna og utforming av barnehagekvardagen, me er også skeptiske til at «alle» born skal kartleggast, og meinar at dette bør vera opp til fagleg skjøn. Me er ikkje framand for spesialiserte barnehagar som tilbyr noko variasjon for foreldre og born. Til dømes ønskjer me å sjå plassering av nye barnehagar i tilknyting til friluftsområder, og me er tilhengjarar av f.eks. natur-, eller maritimebarnehagar.

Utdanningsforbundet Spørsmål 4)
I 2006 vart barnehage overført til kunnskapsdepartementet. Dette plasserte barnehagen på det første trinnet i barnets utdanningsløp. Barnehageeigarar, politikarar, og kommuneadministrasjon har store forventningar og stiller høge krav til det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Forventingane samsvarar ikkje med at det berre er ein tredjedel av personalet i barnehagen som treng vera utdanna barnehagelærarar. Samtlege nordiske land, utanom Noreg, innfrir Unicef og OECDs anbefaling om at minst 50% av dei tilsette bør ha treårig barnefagleg utdanning på høgskulenivå. Barnehagelæraren har, i kraft av si utdanning, kunnskap om barns læring, leik, utvikling og danning. I samarbeid med styrar har barnehagelæraren ansvaret for det pedagogiske arbeidet i barnehagen og for at kvart barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet.
Vil ditt parti sikre 50 % barnehagelærarar i barnehagane?

 

Stord Venstre svarar:
Venstre vil oppretthalda høg pedagogtettleik, og arbeida for ein auke til 50% i alle barnehagar. Me er ganske nøgd med den positive utviklinga me har sett dei siste åra og me ligg ganske nær målet.

Utdanningsforbundet Spørsmål 5)
Gruppestorleik er ein viktig strukturell faktor for barnehagens kvalitet. Mindre barnegrupper gir grunnlag for utvikling av gode relasjonar mellom barn og vaksne og barna imellom. Små barnegrupper er særlig viktig for dei yngste barna og barn med særskilte behov. Små grupper gir dei vaksne betre moglegheit til å dekka det enkelte barns behov for omsorg og nærleik. Kombinasjonen av store barnegrupper og låg bemanning gjer til at barna får mindre merksemd, omsorg, respons og stimulering.
Vil ditt parti arbeide for ei norm på gruppestorleik tilpassa barnets alder i barnehagen?

 

Stord Venstre svarar:
Ein barnehage må vera fleksibel så alle til ei kvar tid kan ta imot dei barna som har rett på plass. I tillegg må barnehagebygget vera funksjonelt slik at gruppestorleik og drift kan endrast utan at bygget må byggast om. Barnehagar med fleksibelt areal er ikkje inndelt i tradisjonelle avdelingar. Me har ikkje programfesta at me ønskjer ei spesifikk norm, men eg er ikkje framand for det. Ved utforminga av nye barnehagebygg er det viktig at me syt for at bygget opnar for mogelegheita.

Utdanningsforbundet Spørsmål 6)
Barnehagelovens formålsparagraf og rammeplanen stiller krav til innhald og kvalitet. For å sikra kvaliteten i det pedagogiske arbeidet i barnehagen er det heilt naudsynt at kvar barnehage har ein tydeleg og tilstadeverande styrar som kjenner barn, foreldre og dei tilsette. Styraren har ansvar for at barn, foreldre og tilsette har reell medverknad og at lov og avtaleverk følgjes opp. Styrar er pedagogisk ansvarlig for innhaldet i barnehagen. Styraren har ansvaret for å klargjera mål og rammer for alle tilsette og føresette, og for at det vert utarbeida ein fagleg god årsplan i samarbeid med barnehagelærarane, dei øvrige tilsette, foreldre og barn. Styraren skal sørgje for at pedagogteamet arbeider på ein måte som gjev alle barna i barnehagen dei beste utviklingsmuligheiter.
Vil ditt parti sikre styrar i kvar barnehage?

 

Stord Venstre svarar:
Det er viktig å sikra trygg styring av barnehagane. Difor meinar me at det skal vera styrar i kvar barnehage. (Unntak må vera midlertidige eller svært godt begrunna).

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**