Jordvern i Bø kommune

Evy Beate Tveter

Jordvern i Bø kommune.

Bø er i rask vekst og det legg stort press på den dyrka jorda i kommunen. For Venstre er det viktig å verne om den gode matjorda vår. Det skal vera viktige samfunnsinteresser som står på spel dersom en skal velja å omdisponere dyrka mark til utbyggingsformål.

Eg ser av lesarinnlegg i Bø blad og andre aviser at 1.kandidat for Senterpartiet, Borgar Kaasa, også ser dette som viktig. Det er gledeleg. Men jobben må gjerast gjennom dei praktiske vedtaka, og når me ser på statistikken skurrar nok festtala litt. I perioden 2005-2011 omdisponerte Bø kommune heile 101 da dyrka jord og 7 da dyrkbar jord etter plan og bygningslova. I denne perioden var både Senterpartiet og Arbeidarpartiet sentrale i leiinga i Bø kommune. Borgar Kaasa var leiar i PTN (Utval for Plan, Teknisk og Næring). Blant anna blei sentrumsnære landbruksområde omdisponerte til einebustader.

Dei siste fire åra i har Venstre hatt ordførar og leiar i PTN i Bø. Tala viser at det i denne perioden er omdisponert 17 da dyrka jord og 11 da dyrkbar jord. Tala viser med all tydeleghet at vi er i ferd med å snu skuta også på dette området. Vi er på rett veg i Bø med å ta vare på den dyrka jorda vår. Det arbeidet vil Bø Venstre fortsette, og det er flott om SP også vil vera med på det når det kjem til dei konkrete vedtaka.

Bergit Askildt Myrjord
6.kandidat, Bø venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**