Os Venstre starta motstanden mot bru over Bjørnafjorden med eit folkemøte i Øyane, hausten 2012. Etter det har Venstre og 2. kandidat Glenn Erik Haugland vore tonegivande i kampen mot å hindre ei rasering av Bjørnafjorden.
Os Venstre har heile vegen jobba aktivt for indre trasé via Fusa. Vi meiner at regjeringa må skrinleggje det midtre alternativet då det både er for dyrt, vil føre til auka CO2 utslepp og er øydeleggjande for naturen.
Indre trasé er best for Os kommune og hele regionen. Her er det også høve til å få på plass ei toglinje, som no er skrinlagt for det midtre alternativet.
Venstre vil:
- Stansa arbeidet med bru over Bjørnafjorden og motorveg gjennom Moberg og Kuven.
- Arbeide for ferjefri E39 med tog over Fusa og Tysnes.
- Betre tilgang til og flere friluftsområder i skjærgarden.
- Stimulere til etablering av nye, grøne næringar i Bjørnafjorden.