Program Ulstein Venstre:
Skape arbeidsplassar
I Ulstein er vi så heldige å ha store verksemder i verdsklassa, som gjev arbeid til fleire tusen menneske
i regionen vår. I kjølvatnet av dei kjem det fram nye småbedrifter og gründerar. Vi er stolte av dei.
Ulstein Venstre ønskjer:
✔ å vere ein partnar og medspelar for næringslivet lokalt
✔ eit grønt skifte i den maritime næringa
✔ næringsareal og tomter for framtidig vekst
✔ gjennom dialog med Mafoss og Maritimt forum lokalt skape grunnlag for endringar i nasjonal politikk
✔ statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar til Ulstein
✔ industriareal med tilgang til sjø
✔ å vere ein pådrivar for nye typar næringsverksemd, t.d. innan tenesteyting
Du kan lese heile programmet her: Ulstein Venstre Program 2015-2019