Å leggje tilrette for nye arbeidsplassar i Os er jobb nr. 1. Å skape fleire arbeidplassar handler ikkje om å satse alt på eit kort, men eit spekter av tiltak og initiativ. Fleire lokale arbeidsplassar vil redusere pendlinga ut av Os og er difor det viktigaste miljøtiltaket.
Sjølv om Os kommune har sett stor vekst i folketalet, har fleire store bedrifter blitt lagt ned dei siste åra. Det fører til at mange osingar har mista arbeidsplassen sin. Os kommune har vorte ein pendlarkommune. Sidan 2007 har antall arbeidsplassar ikkje auka i takt med veksten i folketal.
Os Venstre meiner at kommunen bør vere ein offensiv kommune innan næringsliv og gründerverksemd. Målet vårt er å skape varige og solide arbeidsplassar i Os. Både arbeidsplassar innan industri og miljøvennlege bedrifter bør prioriterast, og vi må satse på fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen.
Vi vil sikre at næringspolitikken i Os er kreativ og står på fleire bein enn den gjer no.
Venstre vil:
- Aktiv støtte til gründarar. Nytt næringsfond og kommunal næringslivsvert. Tett samarbeid med Os Næringsråd.
- I samarbeid med Skatteetaten og andre offentlege innstans, gjere det enklare å drive små og mellomstore næringar.
- Leggje til rette for arbeidsplassar på Osøyro.
- Eit sterkare politisk fokus på næringslivsutvikling og aktivt samarbeid med innstansar som Innovasjon Norge.
- Stimulere nye næringar som til dømes dyrking av tang og tare til bio-drivstoff, mat og medisinar.
- Arbeide for oppretting av linje for Media og Kommunikasjon på Os vgs.
- Arbeide for senter for maritime næringer på Halhjem kai.