Program Ulstein Venstre 2015-2019:
Kultur og fritid – for alle
Frivillig innsats, eldsjeler og kultur skaper innhaldet i Ulstein- samfunnet. Vi må byggje vidare pådet gode vi allereie har. Vi har eit fantastisk utgangspunkt for organisert idrett gjennom nye flotte anlegg – Ulsteinhallen og Nye Høddvoll. Venstre er stolte av både toppidrettsutøvarane og breiddearbeidet i laga.
Ulstein Venstre ønskjer:
✔ ein god kulturskule som alle har råd til
✔ at kommunen må vere aktiv partnar med idrettslaga i kommunen og sikre både topp og breidde
✔ ein aktiv Frisklivsentral og Frivilligsentral
✔ universell utforming i alle prosjekt
✔ fortsatt drift av Snoozelen og arbeide for utvida bruk
✔ tilrettelegging for barnevogner, rullestolar og rullatorar på gang- og turstiar og friområde
✔ eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar
✔ gode rusfrie møteplassar for ungdom
✔ styrka vedlikehald av kyrkja i Ulstein
✔ søndagsstengde butikkar
Du kan lese heile progammet her: Ulstein Venstre Program 2015-2019