Idrett

Os har eit engasjert og mangfaldig idrettsmiljø. Kommunen må jobbe aktivt for å støtte opp under idretten.

Os Venstre meiner at kommunen må satse offensivt på bygging av idrettsanlegg i krinsane. Det inneber at kommunen skal kome med økonomisk stønad til private initiativ som til dømes kunstgrasbanar.

Vi vil jobbe for eit tettare samarbeid mellom skulen og idrettslaga. Som følgje av dette vil vi gje økonomisk stønad til Os Turn sitt prosjekt Os-modellen, der målet er mellom anna å få eit pedagogisk tilbod til fotballfritidsordninga. Vi er open for ein liknande stønad til andre idrettslag med tilsvarande prosjekt.

Venstre vil:

  • Jobbe for idrettsgymnas i Os.
  • Satse på tettare samarbeid mellom skule og idretten.
  • Støtte Os-modellen til Os Turn.
  • Likestille årleg stønad til idrettsanlegg.
  • Arbeide for idrettshall / allaktivitetshus i Halhjemsmarka og på Søfteland
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**