Program Ulstein Venstre
Helse og omsorg – når du treng det
Velferda i eit samfunn kan målast etter kor godt vi tek vare på dei som treng det mest. Her kan vi aldri seie at vi er bra nok og aldri kvile, men kvar einaste dag bli betre. Det skal Venstre vere ein aktiv pådrivar for.
Ulstein Venstre ønskjer:
✔ auka tal på heile stillingar i helse- og omsorgstenestene
✔ auka grunnbemanning i helse- og omsorgstenestene
✔ legge til rette for auka rekruttering av riktig kompetanse innan omsorgstenestene
✔ styrke lågterskeltiltak og dagtilbod innan rus og psykisk helse
✔ styrke demensomsorg
✔ skape mestring etter sjukdom eller funksjonsnedsetting gjennom auka kvardagsrehabilitering
✔ at eldre kan bu og ta i mot tenester i eigen heim så lenge dei kan og vil
✔ å ta vare på/vidareutvikle det gode arbeidet helsestasjonen gjer
✔ helsesøster på skulane
Du kan lese heile programmet her: Ulstein Venstre Program 2015-2019