Program Ulstein Venstre:
Godt å bu i Ulstein
Her skal det vere godt å bu for alle. Vi har hatt ein stor vekst i talet på innbyggjarar dei siste åra, og vi ønskjer fortsatt vekst. Det er særs viktig at vi greier å gje rimelegare bu-tilbod til unge og integrere dei som kjem utanfrå, anten dei er høgt utdanna i maritim næring, arbeidsinnvandrarar eller flyktningar.
Ulstein Venstre ønskjer:
✔ nok bustadtomter og bustadar av ulik type i alle krinsar
✔ bustadar til fyrstegongs- etablerarar
✔ velkomstpakke og innbyggar- treff for nye innbyggjarar
✔ ein heilskapleg og tverrfagleg bustadsosial handlingsplan
✔ ”leige før eige” på omsorg- bustadar og bustadar for dei vanskelegast stilte
✔ meir bruk av Husbankens låneordningar
✔ styrke norskopplæringa og auke arbeidsrettinga av introduksjonsprogrammet for flyktningar