Program Ulstein Venstre:
Ein god arbeidsgjevar
Ulstein kommune skal også vere ein god kommune å arbeide i. Det er viktig for rekruttering, kompetanse og stabil arbeidskraft
at kommunen er ein attraktiv arbeidsgjevar
Ulstein Venstre ønskjer:
✔ å arbeide aktivt for å betre arbeidsmiljøet for dei tilsette
✔ å redusere sjukefråværet i kommunen
✔ auka tal på heile stillingar og grunnbemanning i helse- og omsorgstenestene
✔ ein god livsfasepolitikk for alle
✔ fremje ein kultur basert på kontinuerleg forbetring og utvikling i tenestene
✔ byggje ein openheitskultur i kommunen der alle tilsette vert sett og høyrd