Program Ulstein Venstre 2019 – 2023:
Ein aktiv part i utviklinga i Ulstein
Det gode liv i Ulstein kan ikkje berre byggjast innafor kommunegrensene. Nokre oppgåver er betre å løyse saman, andre oppgåver er umoglege å løyse aleine. Då må vi samarbeide med våre naboar og saman skape framtida. Det er slik næringslivet i kommunen vår har fått suksess; ei skarp konkurranseånd og ei sterk vilje til samarbeid.
Vi i Ulstein Venstre vil at det skal vere godt å bu i Ulstein kommune, derfor vil vi:
✔ Avvikle eigedomsskatten snarast råd og seie nei til parkeringsavgift i sentrum.
✔ Gjere Ulstein til ein klima- og miljøvinnar.
✔ Satse, støtte og utvikle born og unge sitt fritidstilbod.
✔ Dyrke og fremje arbeidslivet i Ulstein fordi våre store og små verksemder treng gode vekstvilkår.
✔ Ha eit godt kollektivtilbod, fordi bussen må gå ofte nok og vere billeg å bruke.
✔ Gi merksemd til dei som stiller svakast i samfunnet fordi dei treng ei røyst inn i det offentlege.
✔ Arbeide aktivt for helse og omsorg, slik at du får det når DU treng det.
✔ Satse på skule og barnehage, fordi framtida vår byrjar der.
✔ Legge til rette for eit sterkt og godt lokaldemokrati