Kjære førstegongsveljar i Askvoll

Foto: M. Gjervik

Askvoll er ein liten kommune med mange levande og berekraftige bygder. Askvoll Venstre vil arbeide for å få fleire innbyggjarar i kommunen vår. For å få til dette er det viktig at du som er ung skal oppleve kommunen som attraktiv å bu i.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Vi set ungdom først, og det betyr at vi prioriterer saker som er viktig for deg her og no, og i framtida. Det betyr mellom anna å sikre at kommunen har nok lærlingplassar og arbeidsplassar, trygge vegar, attraktive og billige bustadtomter, eit godt kulturtilbod, nok barnehage-plassar og at vi beheld dei skulane vi har i dag. Det er viktig at det finnast gode og varierte tilbod om vidaregåande opplæring i fylket vårt, samt godt skysstilbod slik at mange kan bu heime under utdanninga. Vi prioriterer også høgt å jobbe for å ta vare på og verne om den flotte naturen i kommunen vår.

 

Bruk stemmeretten din på valdagen den 14. september. Uansett kven du vel å stemme på, er di røyst eit viktig bidrag for å ta vare på demokratiet vårt.

 

KVIFOR STEMME PÅ ASKVOLL VENSTRE?

Sogn og Fjordane Venstre sett ungdom først!
Sogn og Fjordane Venstre sett ungdom først!

 

Askvoll Venstre vil:

  • Jobbe for å skaffe attraktive bustadtomter der du vil bu.
  • Leggje til rette for fleire lærlingplassar og arbeidsplassar.
  • Satse vidare på kulturarbeid for born og unge i heile kommunen.
  • Skape større engasjement for fornybar energi og teknologi.
  • Jobbe for Atløysambandet og rassikring av FV 609 m.fl.
  • Bygge ut breiband og mobile tenester. Fiber er framtida.
  • Seie klart nei til gruvedumping i Førdefjorden. Vi vil jobbe aktivt for å hindre eit framtidig fjorddeponi.

 

Dersom nokre av desse sakene er viktig for deg, ber vi om di stemme for å setje sakene sterkare på dagsordenen.

 

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**