Valprogram for Nord-Aurdal Venstre 2015-2019
Venstre vil arbeide for at Nord-Aurdal skal vere ein god plass å bu, både no og i framtida, kommunen skal vera varm og inkluderande for alle. Nord-Aurdal skal vere ein kommune der alle stemmer blir høyrde i ein open og demokratisk arena. Vi ynskjer at innbyggjarane skal ha gode tenester, om det så er innan skule, helse eller andre tenesteområde.
Kommunereform er eit viktig tema, og Nord-Aurdal Venstre vil arbeide for ein valdreskommune. Vi ynskjer t.d. sterke og kompetente fagmiljø innan offentleg sektor så vel som i privat næringsliv, og ein kommune i Valdres vil kunne gjere det enklare å rekruttere og halde på gode medarbeidarar.
Verdiskaping
Venstre vil arbeide for å skape gode vilkår for næringsdrivande og lokale bedrifter. Verdiskaping skapar optimisme og vekst. Nord-Aurdal skal vere ein ja-kommune!
Venstre vil:
- Styrke utviklingskompetansen, og arbeide med stad- og næringsutvikling i heile kommunen. Fagernes og Leira er viktig for utviklinga i heile Valdres.
- Arbeide for at store, nasjonale arbeidsplassar blir lagt til Valdres.
- Arbeide for utbygging av fibertilgang til heile kommunen.
- Arbeide for større samhandling mellom reiseliv, festivalar, kulturliv og offentleg sektor.
- Styrke samarbeidet mellom det offentlege, hyttenæringa og hytteeigarane.
Landbruket produserer mat og tenenester – og er ein føresetnad for å ta vare på kulturlandskapet. Landbruket er viktig for busetting og sysselsetting.
Venstre vil:
- Vere pådrivar både lokalt og nasjonalt for eit variert og berekraftig landbruk med omsyn til vekslande naturgjevne forhold, heime og på stølen.
- Stimulere til auka produksjon av lokalmat og -drikke, og at gardbrukarane i større grad kan nytte eigne ressursar.
- Hegne om konsesjonslova som eit tiltak for å sikre drift og busetting på landbrukseigedomane.
Skule og oppvekst
Satsing på skule og barnehage er ei investering for framtida. Gode pedagogar og læringsmiljø er viktig for at barn og unge skal trivast, og halde på lysta til å lære meir. Dei skal ha trygge rammer og få lov til å utvikle seg ut i frå sin ståstad.
Venstre vil:
- Bygge ny ungdomsskule på Fagernes.
- Legge til rette for vidareutdanning og kompetanseheving av tilsette i skule og barnehage.
- Styrke skulehelsetenesta og det sosial- og spesialpedagogiske fagpersonellet slik at læringsmiljø blir betre.
- Bruke fleire ressursar på IKT-løysingar, undervisingsmateriell og lærebøker.
- Styrke satsinga på entreprenørskap i skulen.
- Forplikte kommunen til å tilby læreplassar til minst 15 lærlingar.
- Styrke kulturskulen med fleire heile stillingsressursar.
- Skape trygge forhold for barn og unge
Velferd
Venstre vil ha eit godt og trygt offentleg helse- og omsorgstilbod, i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
Venstre vil:
- Auke grunnbemanninga innanfor heimetenesta.
- Auke grunnbemanninga og tilboda innafor tilrettelagte tenester.
- Arbeide for å sikre god kvalitet på den framtidige demenstenesta i Aurdal.
- Styrke samarbeidet og innovasjonskrafta for private og offentlege helseverksemder, til dømes tilrettelegging av ny og framtidsretta helseteknologi.
- Busette fleire flyktningar i kommunen, og sette av nok ressursar til arbeidet med dette.
- Etablere samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i arbeidet med integrering av flyktningane, som til dømes Røde Kors og Internasjonalt kvinneforum.
- Vere med å vidareutvikle tilboda på Frivilligsentralen slik at fleire kan dra nytte av tilbodet, som til dømes etablering av aktivitetsvener og ungdomstiltak.
- Halde fram med å stø det viktige arbeidet på Stabburshella.
Miljø
Venstre er eit miljøparti, og vi er opptekne av å skape framtidsretta løysingar for eit berekraftig lokalsamfunn.
Venstre vil:
- Ta i bruk miljøvenleg og fornybare materiale ved bygging av nye offentlege bygg.
- Betre kollektivtrafikken med fleire bussavgangar og rimelege billettprisar.
- Etablere fleire hurtigladestasjonar i heile Valdres, i samarbeid med private aktørar.
- Gjere Nord-Aurdal kommune til landets humle-kommune, med særlege tilskott til dei som tek vare på humlevenleg slåtteeng.
- Arbeide for etablering av den fyrste økolandsbyen i Valdres, som skal ligge i Aurdal, etter modell av Hurdal økolandsby.
Kultur
Kultur har ein stor eigenverdi. Venstre vil leggje gode rammer for kulturlivet gjennom eit nært samarbeid mellom offentleg sektor, frie kunstnarar, lag og organisasjonar.
Venstre vil:
- Arbeide for at Nord-Aurdal kommune blir den fremste kulturkommunen i Noreg.
- Støtte frivillige lag og organisasjonar og idretts- og kulturaktivitetar for barn og unge.
- Styrke tilhøva for festivalar, større arrangement og profesjonelle kulturutøvarar.
- Arbeide for å bevare dei manuelle kyrkjeringing-tradisjonane.
- Styrke arbeidet for vern av kulturhistoriske kyrkjebygg.
- Støtte Valdresmusea som kulturhistorisk institusjon og nav i kulturminnearbeidet i Valdres.
- Bygge framtidas kulturhus og bibliotek.