Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang

Fotograf Vidar Helle

Gunhild Berge Stang er Venstre sin fylkesordførarkandidat. Ho er busett i Dale i Fjaler. Gift med Roy og mor til tre barn, 4, 6 og 8 år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 

Sogn og Fjordane Venstre går til val på å setje ungdom først, ganske enkelt fordi det er å setje framtida først. For meg er det ikkje nok å berre seie vakre ord om ungdommane, gründerane og alle dei gode kreftene vi har i fylket vårt, samstundes som det etablerte politiske livet styrer som før.

Sogn og Fjordane treng ein ny giv. Då treng vi nye, friske krefter ved roret for å styre korleis fylket vårt skal sjå ut i framtida. Det er det ved dette fylkestingsvalet berre Venstre som kan sørge for.

Eg vil byggje sterke regionsentra med urbane kvalitetar og som trekkjer til seg spennande arbeidsplassar. Samstundes har eg som ungdomslagsmenneske tru på oppdrifta og skaparkrafta i dei mindre lokalsamfunna og nærmiljøa. Dei mindre bygdene med nærleik til velferdstilbod og større sentra kan spele kvarandre gode ved å fungere som felles bu- og arbeidsmarknadsområde.

Sogn og Fjordane treng sterkare folketalsvekst. Eg vil at dei som flyttar hit, skal gjere det fordi det er her dei finn det dei vil ha, ikkje fordi dei skal heim og «redde» fylket eller bygda si.

Det trur eg vi kan klare. Sogn og Fjordane må i langt større grad enn til no satse på ein moderne, grøn og framtidsretta arbeidsmarknad, og som er i tråd med det dagens ungdom ynskjer å vere ein del av. Med nytt næringsliv og sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar – kombinert med skule i nasjonal toppklasse og oppvekstvilkår mange som i dag bur i Oslo eller Bergen drøymer om for sine born, ligg alt til rette for ei lys framtid for Sogn og Fjordane.

Stemmer du på Venstre, stemmer du på eit parti som har tru på Sogn og Fjordane. Stemmer du på Venstre, stemmer du på eit parti som ikkje støttar seg til gårsdagen og at alt var betre før, men som ser mot framtida og styrer mot henne. Ei framtid som ikkje er raud eller blåblå, men grøn og nyskapande.

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**