Stranda Venstre – det liberale partiet for folk i Stranda

Folk bur der dei bur, og det vil vi dei skal fortsette med. Kommuna si oppgåve er å legge tilhøva best mogleg tilrette slik at folk kan bu og trivast i heile kommuna vår.

Tenestene må tilpassast folka som skal bruke dei.

Stranda Venstre vil arbeide for at alle innbyggjarane vert høyrt, at tenestene vert produsert for og av folk – og at det er tenestene som må tilpasse seg folket som brukar dei.

Vi ynskjer ein skule der eleven vert sett i sentrum og der skular og barnehagar får dei ressursane dei treng, dei tilsette får gode arbeidsvilkår og skuleleiarane får den tid og dei verktya dei treng for å utvikle skulen til beste for alle.

Stranda kommune kan verte eit utstillingsvindauge for ny miljøteknologi

Stranda kommune er priviligerte i og med at store delar av kommunen har Verdsarvstatus. Vi ynskjer å bruke denne statusen til å satse målretta på grøn næringsutvikling, grøn øko-turisme og nye grøne kompetansearbeidsplassar. Kommunen bør verte ein spydspiss i utviklinga av ny miljøteknologi og bør stimulere til ein grønare kvardag både i husstandar og bedrifter

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**