Valprogram 2015-2019

LUSTER VENSTRE

VALPROGRAM 2015-2019

Grøn vekst, førebygging og unge først

VENSTRE ER HJARTESIDA !


Venstre er der du bur

Me må ha fridom for å ta ansvar. Liberal politikk for Venstre betyr å arbeida for mangfald i samfunnet. Mellom menneske skal det vera toleranse og respekt. Omsynet til den enkelte og framtida bestemmer våre prioriteringar; difor har dei unge prioritet. Med grøn vekst er målet å bruka naturen sine ressursar utan å øydelegga dei, og me skal bruka fornybare ressursar med ny teknologi. I Luster legg Venstre vekt på utnytting av fornybare ressursar til lokal verdskaping. Dette omfattar satsing på produksjon av varer og tenester som kan forbrukast lokalt.

Miljø

Naturgrunnlaget skal sikra økologisk balanse og biologisk mangfald. Dette får me til gjennom fornuftig forvaltning av ressursane våre og bruka teknologi som tek omsyn til natur og miljø. Sikker og trygg mat blir viktigare med framtidige klimaendringar. Me må ha betre jordvern !

Luster Venstre vil:

  • ha sterkt jordvern og krav om høg utnytting når dyrka mark vert teke i bruk til utbygging
  • kartlegga råstoffgrunnlaget lokalt og legga vekt på teknologi som tek vare på ressursane til etterkomarane
  • at natur, miljø og samfunn skal vega tyngst ved utbygging av kraftverk og bruk av utmarks- og friluftsområde
  • prioritera energieffektiv teknologi
  • at rovdyr ikkje skal aksepterast utafor godkjent rovviltområde
  • arbeida vidare med å få etablert ein villreinstamme i Luster sin del av Breheimen
  • redusera miljøskader, mellom anna uheldig grasvekt i Hafslovatnet
  • ha fleire ladestasjonar for el-bilar i kommunen

Landbruk og næring

Framtida sine arbeidsplassar er enno ikkje skapte. Venstre støttar nyskaparar og grøn vekst og vil sleppa fram dei som torer å satsa. Landbruket skal vera ei viktig næring i kommunen.

Luster Venstre vil:

  • involvera ungdom i næringsarbeid og aktivitetstilbod
  • ha nyetableringar og tiltak med teknologi som gjev grøn vekst (til dømes datalagringssenter)
  • auka delen med rentefrie lån til investering
  • oppretthalda buplikt, men arbeida for betre vilkår med endra lovverk, høgare prisnivå, frådeling av større tomter ved eigarskifte
  • ha nisjeproduksjon i landbruket, mellom anna gardsturisme og lokal matproduksjon med økologisk landbruk

Framtida tilhøyrer dei unge

Barn og unge må vera fri til å organisera sin eigen kultur. Kulturskulen er den viktigaste arenaen for å gi barn og unge høve til å skapa kulturuttrykk. Ungdom må ha fridom til sjølv å finne dei løysingane som gir best fritidstilbod.

 

Kultur

Me vil ha eit sosialliberalt samfunn der kulturen avspeglar mangfald. Kulturminna pliktar me å ta vare på for komande slekter. Frivillige organisasjonar er viktig for kulturtilbod, læring og trivsel.

Luster Venstre vil:

  • ha gode og sikre transportilbod for unge
  • at organisasjonar også i framtida skal få bruka offentlege lokale gratis
  • auka midlar til nærmiljøtiltak og møteplassar for alle, men særleg for unge
  • leggja til rette for breiddeanlegg slik at nye idrettar får vekstvilkår
  • utvikla Sogn skisenter for vinteridrett og Luster idrettspark i Gaupne for sommaridrett
  • arbeide for nytt fleirbrukshus i Gaupne og større samfunnssal på Hafslo
  • sikra stadnamn, eldre foto, film, folkeminne og lokale tradisjonar
  • ha føreseielege tilskotsordningar for frivillig arbeid og stimulera til kulturell satsing og utvikling

Barnehage og skule

Venstre vil ha sterk offentleg barnehage og skule med SFO. Skulestrukturen må oppretthaldast.

Luster Venstre vil:

  • at barnehage og skulen bør ha felles plattform samstundes som den enkelte barnehage og skule får ta vare på sitt særpreg
  • prioritera tiltak for barn med særleg behov i barnehage og dei første skuleåra
  • at skulane skal ha fysisk aktivitet og kosthald for betre læring
  • at leksehjelp skal styrast av pedagog, og at skulefritidsordninga skal vera aktivitetsorientert
  • ha kompetanseheving og gode arbeidsvilkår for dei tilsette for nye utfordringar
  • sikra god standard på IKT, bygningar og uteområde

Folk treng trivsel

Sosiale nettverk der barn, unge og vaksne får delta ut i frå sine føresetnader skapar trivsel og identitet. Offentlege støtte må kanaliserast til det lokale engasjementet og sikre mangfaldet av aktivitetar. Luster kommune skal fortelja meir om bukvalitetane for auka tilflytting til kommunen.

Samferdsle

God standard på infrastruktur (vegar, breiband mv) er viktig for busetjinga og trivselen i heile kommunen og arbeidssituasjonen for innbyggjarane.

Luster Venstre vil:

  • ha strakstiltak på trafikkfarlege vegstrekningar (t.d. Røneidstunnellen) og «flaskehalsar» (t.d. fylkesvegen Skjolden – Ornes)
  • ha tofeltsveg (gul stripe) gjennom heile kommunen og tunnel mellom Luster og Lom
  • ha meir fartsreduserande tiltak, spesielt nær barnehage og skule og prioritera midlar til trafikktryggleik, rulleskianlegg, gang- og sykkelvegar og turstiar
  • delta aktivt med investeringar som styrkar rutetilbodet ved Sogndal lufthamn

Helse og omsorg

Det er ikkje naudsynt å gje meir til alle, men å dela slik at alle har nok. Luster Venstre vil prioritera dei som treng det mest. Folkehelsearbeidet skal omfatta offentleg innsats og folkeleg engasjement for livstil og helse.

Luster Venstre vil:

  • sikra ressursar i open omsorg og ordningar for avlastingar, førebygging og rehabilitering
  • ha velfungerande korttids- og «øyeblikkeleg» hjelpeavdeling i Gaupne og samtidig å ta vare på institusjonstilboda i Luster og på Hafslo
  • samarbeida med frivillige organisasjonar om folkehelsetiltak, særleg nærmiljøanlegg og turstiar
  • sikra kompetanse og ressursar for førebyggande tiltak i barnehage og skule

Arbeid

Alle menneske er ein ressurs for fellesskapen. Venstre vil satse på tilrettelegging av arbeidspraksis (sommarjobb , lærlingeplassar, arbeidsplassar med opplæring).

Luster Venstre vil:

  • legga til rette for arbeidsplassar til personar som har vanskar med å meistra vanleg arbeid
  • redusera uønskte deltidsstillingar i kommunen med arbeidsavtalar som tener både tilsette og arbeidsgjevar
  • har fleire sommarjobbar, lærlingeplassar og oppretthalda sommarjobbtilbodet for 16- og 17-åringar

Lokalpolitikk er alle sitt ansvar

Folkeleg engasjement

Luster skal framleis vera eigen kommune. Nærleik til offentlege tenester og kommunesenter gjer at folk kjenner seg heime i kommunen. Levande lokalsamfunn må ha folk som engasjerer seg og slår ring rundt viktige demokratiske prosessar.

Luster Venstre vil:

  • utvikla Gaupne som eit kommunesenter med funksjonar som tenar heile kommunen
  • sikra demokratisk styring med politiske møteplassar
  • ha større påverknad med samarbeidsorgan som Luster kommune er med i
  • ha interkommunalt samarbeid for tenester som gjev betre kvalitet for innbyggarane
  • gje ungdom høve til meir ansvar gjennom Ungdommen sitt kommunestyre
  • at Radio Luster får høve til å formidla saker av lokal interesse
  • praktisera ombodsrolla overfor det offentlege

Politisk rekneskap

Folkevalde i Venstre har kontakt med sine medlemar før alle møte i formannskap og kommunestyre. Venstre meiner det er viktig at veljarane kjem med innspel til folkevalde. Våre folkevalde har kontakt med dei som kjenner sakene godt og er lydhøyre for folk sine meiningar. Til kvart årsmøte legg kommunestyregruppa fram politisk rekneskap for saker me har jobba spesielt for. Ønskjer du å vera medspelar kan du ta kontakt med dei folkevalde direkte.

Stem Venstre

Venstre har over lang tid vist evne til å samarbeida med andre parti i ulike saker. Me har også vist evne til å ta opp andre saker der me meiner andre parti sviktar. I miljø, jordvern og kraftutbygging Venstre er oppteken av å forvalta økonomi og ressursar nøkternt slik at seinare slekter kan føra vidare vår livskvalitet. Me seier difor ikkje JA til alt. Me stiller krav til dei som vil bruka og hausta våre varige ressursar. Venstre sa såleis klart NEI til «snøskuterløyper» i arealplan, NEI i omstridde kraftutbyggingar, men også JA når desse gjev større varige verdiar enn ulemper for lokalmiljøet.

Også i neste periode vil Venstre ha satsing på kultur og frivillig sektor, og me vil ha auka førebyggjande tiltak i staden for å reparera. Venstre vil gjera det attraktivt å busetja seg i kommunen der integrering av arbeidsinnvandrarar og andre nye borgarar frå inn- og utland er viktig. Venstre ønskjer at Luster skal vera ein kommune som tenkjer global klimatilpassing med grøn teknologi. Vil du vera med å hjelpa Venstre til gjennomslag, så

RØYSTAR DU VENSTRE

 

Våre kandidatar

  1. Jon Ove Lomheim er fødd i 1953 og busett på Hafslo. Han er sivilingeniør med erfaring som leiar av ingeniørverksemd og hatt fleire verv i selskap og frivillige organisasjonar. Han har vore medlem av kommunestyret i 24 år og i formannskapet siste periode. Jon Ove engasjerer seg i saker for både unge og eldre, kultur, samferdsel og infrastruktur.
  2. Mary Aasen er fødd i 1952 og busett i Jostedal. Ho jobbar i heimetenesta som heimehjelp og er elles oppteken av rettane til dei som er funksjonshemma. Ho brenn for aktivitetar for dei eldre og at organisasjonar får tilskot som takk for frivillig arbeid og inspirasjon til dugnadsarbeid.
  3. Einvald Søreide Erichsen er fødd i 1977 og busett på Nes. Han er utdanna adjunkt og jobbar som lærar ved Gaupne skule. Han har verv i Luster Turlag og Sogn og Fjordane Turlag. Einvald er oppteken av saker som gjeld naturvern, friluftsliv, utdanning og skule.
  4. Sandhya Karlsen Holene er fødd i 1984 og busett på Hafslo. Ho er utdanna kokk og tilsett i Luster kommune. Ho er oppteken av sikra nok ressursar til både barnehage, skule og omsorg. Ho engasjerer seg også for folkehelsearbeid, førebyggande tiltak spesielt for ungdom og arbeidet til dei frivillige.
  5. Kristoffer Melheim er fødd i 1946 og bur på Indre Hafslo. Han er cand paed. og tilsett som høgskulelektor/førstelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Sogndal og har drive småbruk med økologisk sauehald. Kristoffer har hatt fleire verv i frivillige og offentlege organisasjonar lokalt, på fylkes- og landsplan. Kristoffer er særleg engasjert i skule, idrett, bygdeutvikling og distriktspolitikk.
  6. Are Lindar Langebeck er fødd i 1965 og busett i Skjolden. Are har utdanning frå universitetet i Tromsø. Yrkespraksisen er variert, men han har flest år som lærar i ungdomsskulen. Are er mest oppteken av å legge til rette for gode oppvekstvilkår for born og unge og levande, framtidsretta og inkluderande bygder.
  7. Jeanette Aaland Brun er fødd i 1985 med bustadadresse Jostedal. Ho er utdanna sosionom med vidareutdanning i sosialt arbeid sist år på Hawai. Jeanette ønskjer prioritera bærekraftig arbeidsplassar i Luster, rehabilitering, alternative arbeidstilbod for personar med vanskar å meistra vanleg arbeid, tilrettelegging for dei som satsar på jordbruk og kjempe for mest mogeleg urørt natur.

Våre 21 listekandidatar representerer heile kommunen og eit mangfald i alder, yrke og samfunnsengasjement. Det er veljarane som avgjerd rekkjefølgja på lista og dermed kven som skal representere Venstre i kommunestyre, i utval og nemnder dei neste 4 åra.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**