I eit innlegg i Sunnhordland måndag går Arbeidarpartiets Katrin Ankervold laus på dagens koalisjon for manglande satsing på symjeopplæring. I bokstavrekkefølgja gløymde ho å nemna både Arbeidarpartiet og FrP. Begge desse partia var saman med Venstre, Høgre, KrF og Sp om årets budsjett. Majoriteten var samd, sjølv om rett skal vera rett, Ankervold røysta mot. Eit budsjett der nettopp elevressurs (inkl. symjing) vart styrka med Kr 850.000,-,
Symjedugleik er svært viktig, me bur på ei øy, og dei aller fleste bør vera symjedyktige.
og me i kommunestyret sa klårt at me forventa at timetalet med symjeundervising vert lagt på eit nivå som sikrar at kompetansemåla for symjedugleik vert nådde.
Symjedugleik er svært viktig, me bur på ei øy, og dei aller fleste bør vera symjedyktige. Der er me samde, og Ankervold skal ha honnør for å ha vore med å satt fokus på dette. Det vert derimot feil å gå tilbake til 2012 uten å ta med faktiske endringar etter at me vart kjende med den dårlege statistikken, og ein har omprioritert pengar til symjeundervising.
Kva politikk er det Arbeidarpartiet vert å forsvara i valkampen? Eg tar utgangspunkt i at gruppeleiar Harry Herstad og fleirtalet av Stord APs representantar er dei som reflekterar lokallagets offisielle syn, ikkje vilkårlege utbrytargrupper frå sak til sak. Eg er glad for at majoriteten i Stord AP gjekk saman med Venstre, Høgre, KrF, SP og FrP for å sikra eit godt budsjett for 2015.
Mvh,
Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre
3. Kandidat Hordaland Venstre