Hallingdal treng ein reiselivsfagskule. Hallingdal har eit unikt utgangspunkt som landets viktigaste reiselivsregion for å vidareutvikle turismen i grøn retning. Landbruk og kultur har blitt ein mykje viktigare del av reiselivsnæringa og har et stort potensial i den omstillingstida som vi no er i. Eit tettare samarbeid mellom tilgrensande næringar som landbruk, kultur og samferdselsaktørar kan bidra til reiselivsnæringa med det turistane etterspør; unikt innhald og opplevingar på naturen sine premissar. Buskerud Venstre har programfesta at vi vil arbeide for eit fagskuletilbod innan reiseliv i Hallingdal.
No må vi bygge vidare på det gode fundamentet næringa sjølv har skapt. Men det trengs kompetanse i næringa for å kunne utnytte potensialet, og Hallingdal treng kompetansearbeidsplassar. Gjennom fagskuleopplæring kan næringa i samarbeid med Buskerud fylkeskommune vere med å målrette tilbodet, slik at ein får etterspurt yrkesretta arbeidskraft. Sjå til Lofoten og landets einaste offentlege reiselivsfagskule. Etter ein litt treig start i 2014 er det no stor interesse . Skulen gir tilbod om både fulltidsstudier og delstudier.
Med fagskuletilbod i Hallingdal kan reiselivs- og opplevelsesnæringane gi dei tilsette eit kompetanselyft, næringane får igjen for det med større innovasjonskraft, og Hallingdal får større vekst. Norges turistundersøkelse slår fast at kulturturisten legg att meir pengar enn ein vanlig reisande. Samstundes viser ferske sysselsettingstal at arbeidsløysa i Buskerud er lavere enn gjennomsnittet, noko som i stor grad vert tilskrive stor aktivitet i reiselivsnæringa. Dette gir eit godt utgangspunkt for vidare satsing og profesjonalisering. Buskerud fylkeskommune er forplikta av fagskulelova å sikre eit godt, relevant og tilstrekkelig fagskuletilbod i heile fylket.
Sissel Urke
Fylkestingskandidat for Venstre