Ei levande bygate

Flora Venstre

Flora Venstre vil leggje til rette for handel og opplevingar i bykjerna og Strandgata. Ei levande bygate er viktig for dei som driv butikk og for dei som bur i Flora kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 

I eit møte med byforeininga Byen vår Florø kom det fram at dei forretningsdrivande i Strandgata var det særs viktig at det er ei god parkeringsordning i gata. Slik det er i dag må ein betale frå første minutt, og dette meiner dei hindrar handel og liv i gata. Flora Venstre er eit parti med stor fokus på små og mellomstore bedrifter. Det er viktig for oss å lytte til dei som driver næring og som veit kor skoen trykker. Flora Venstre set menneske i sentrum, ikkje bilar, men vi ønskjer at Florø sentrum skal vidareutviklast til eit pulserande hjarte i byen saman med grunneigarar og forretningsdrivande, då er det viktig å gjennomføre dei tiltak som dei som til dagen ser kva utfordingane er og kva som vil føre til målet.

Flora Venstre vil etablere fleksible parkeringsløysingar i sentrum. I Strandgate kan ei løysing der dei første 30 eller 60 minutta er gratis vere ein funksjonell løysing. I gata skjer det fleire impulskjøp og småkjøp, så kundane har behov for å gjere eit lite ærend, og det vil vere hensiktsmessig med ei relativ kort tid for å utføre det ein ønskjer. Vi trur ikkje det vil bli fleire bilar i sentrum av ei slik ordning, vi tru heller opplevinga av servicegrad med tanke på tilrettelegging for kunden vil auke. Flora Venstre vil ha ei utgreiing av kva ei slik ordning vil koste og innføre ei prøveperiode for å teste ei slik løysing.

Flora Venstre er også opptatt av ei levande bygate der møteplassar oppstår. Når det er over snittet mange regndagar og at gata til tider fungerer som ein vindtunnel aukar nok ikkje lysta til å slå av ein prat i gata. Difor vil Flora Venstre ha tak over fortaua i heile Strandgata og i sentrale byrom. Dette meiner vi er eit godt tiltak for å auke den gode ‘shopping-opplevinga’ i bykjerna, og gje rom for dei små men viktige møta mellom folk i kommunen. Dette er også eit tiltak som vart omtala blant medlemmane til Byen vår Florø, og som dei meiner er viktig for å auke opplevinga av handelstaden Florø.

Eit av satsingsområda til Flora Venstre er ein levande by og at Florø sentrum skal vidareutviklast til eit berekraftig hjarte i byen. Skal Florø sentrum og Strandgata vinne tilbake sin plass som byen sitt pulserande hjarte må bykjerna bli brukt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**