Grøn omstilling i Hallingdal

Venstre ønsker fagskole i reiseliv i Hallingdal., Foto: Steinar Bleken

Hallingdal treng ein reiselivsfagskule.

Fylkestingskandidat for Venstre, Sissel Urke, meiner det trengs kompetanse i næringa for å kunne utnytte potensialet og innovasjonskrafta i regionen.

Hallingdal har eit unikt utgangspunkt som landets viktigaste reiselivsregion for å vidareutvikle turismen i grøn retning. Landbruk og kultur har blitt ein mykje viktigare del av reiselivsnæringa og har et stort potensial i den omstillingstida som vi no er i. Eit tettare samarbeid mellom tilgrensande næringar som landbruk, kultur og samferdselsaktørar kan bidra til reiselivsnæringa med det turistane etterspør; unikt innhald og opplevingar på naturen sine premissar. Buskerud Venstre har programfesta at vi vil arbeide for eit fagskuletilbod innan reiseliv i Hallingdal.

Auka kompetanse

No må vi bygge vidare på det gode fundamentet næringa sjølv har skapt. Men det trengs kompetanse i næringa for å kunne utnytte potensialet, og Hallingdal treng kompetansearbeidsplassar. Gjennom fagskuleopplæring kan næringa i samarbeid med Buskerud fylkeskommune vere med å målrette tilbodet, slik at ein får etterspurt yrkesretta arbeidskraft. Sjå til Lofoten og landets einaste offentlege reiselivsfagskule. Etter ein litt treig start i 2014 er det no stor interesse . Skulen gir tilbod om både fulltidsstudier og delstudier.

Innovasjonskraft

Med fagskuletilbod i Hallingdal kan reiselivs- og opplevelsesnæringane gi dei tilsette eit kompetanselyft, næringane får igjen for det med større innovasjonskraft, og Hallingdal får større vekst. Norges turistundersøkelse slår fast at kulturturisten legg att meir pengar enn ein vanlig reisande. Samstundes viser ferske sysselsettingstal at arbeidsløysa i Buskerud er lavere enn gjennomsnittet, noko som i stor grad vert tilskrive stor aktivitet i reiselivsnæringa. Dette gir eit godt utgangspunkt for vidare satsing og profesjonalisering. Buskerud fylkeskommune er forplikta av fagskulelova å sikre eit godt, relevant og tilstrekkelig fagskuletilbod i heile fylket.

 

Sissel Urke

Fylkestingskandidat for Venstre

 

Lenke til oppfølgingsartikkel i Hallingdølen 25. juli:

Venstre vil ha fagskule i reiseliv i Hallingdal

(Du må være abonnent for å lese på nett)

 

Sissel Urke, Fylkestingskandidat for Buskerud Venstre
Sissel Urke, Fylkestingskandidat for Buskerud Venstre

Eventuelt kan du artikkelen her:

Venstre vil ha fagskule i reiseliv

Tekst: Tone Merete Tho

Hallingdal får landets andre fagskule i reiseliv, om Venstre får det som dei vil. Turistvertinne applauderer forslaget.

Hallingdal treng ein reiselivsfagskule. Det slår Buskerud Venstre fast. Åling og fylkestingskandidat, Sissel Urke, meiner landets viktigaste reiselivsregion har det beste utgangspunktet for å vidareutvikle turismen i grøn retning. I eit lesarbrev i dagens avis skriv ho at landbruk og kultur stadig blir viktigare i den omstillingstida norsk reiseliv er inne i.

– Me veit at det er mange ufaglærte i reiseliv i Hallingdal, og meiner det er behov for ein slik skule, utdjupar Urke.

Ho får støtte av turistvertinne og hotelleigar Gudrun Hesla på Oset i Gol:

– Det er mange ufaglærte, og me treng meir spesialkompetanse innan reiseliv.

Positivt til ny utdanning: Eigar og vertinne Gudrun Hesla på Oset høyfjellshotell helsar ei ny reiselivsutdanning velkomen.

Utdannar golvfolket
Ein fagskule ligg eit nivå over vidaregåande skule, men er ikkje ein høgskule eller eit universitet. Du kan ha anten fagbrev eller ha jobba så lenge i yrket at du kvalifiserer til opptak på fagskulen.

– Leiarar er det begrensa behov for i reiselivet i Hallingdal, det er golvfolket me vil utdanne, forklarar Sissel Urke. Gudrun Hesla ser behovet båe stader.

– Det er større potensial i reiselivet enn det me utnyttar i dag, og me treng utdanna folk som er oppdaterte.

– Er ikkje desse dyrare å tilsetje for bedriftene?

– Jau, men då kan ein også vente meir, og bedrifta kan utvikle seg vidare, meiner Hesla.

– Må vera profesjonelle
Gudrun Hesla valde sjølv å utdanne seg, trass i at ho arva hotellbedrifta og derfor ikkje konkurrerte med andre om sjefsstillinga.

– Kanskje er det endå viktigare å utdanne seg når ein driv familiebedrift. Det er viktig å drive profesjonelt, seier hotellvertinna.

– Med fagskuletilbod i Hallingdal kan reiselivs- og opplevingsnæringane gje dei tilsette eit kompetanselyft. Det gjev større innovasjonskraft, og Hallingdal får større vekst, meiner venstrepolitikar Urke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**