Velkomen heim, Shaimaa

Malin Andrea Eriksen

Jan Kløvstad portrett 15. juni 2015 Shaimaa og familien får kome tilbake til Lillesand. Og dei er ikkje aleine. Det er vi i Venstre glade for, og også stolte over. Dette er eit eksempel på gjennomslag for dei harde krava Venstre og KrF har sett til regjeringa.

Til saman 311 personar, – 185 barn og familiane deira får bli i Norge på bakgrunn av eingangsløysinga og regelendringa for lengeværende asylbarn som Venstre og KrF fekk på plass med regjeringa.

Dette er gledelege tal. Fram til mai i år hadde 99 barn fått opphald etter at regelendringa kom på plass før jul og 86 barn har så langt fått opphold på bakgrunn av engangsløysinga. Vi har skapt ei trygg framtid for desse familiane.

Alle barna blei sendt ut av landet som følge av den stramme og urettvise asylpolitikken som Arbeidarpartiet, SV og Sp førte i åtte år i regjering. Det er derfor Shaimaa og familien hennes nå er i Jemen. Venstre og KrF sette foten ned og pressa den blå regjeringa til å gjere Norge til eit meir liberalt samfunn enn under åtte år med Arbeidarpartistyrt regjering.

Venstres mål er å legge meir vekt på barns beste. Det har vore ein hard politisk kamp for å få det til. Vi skal fortsette den kampen. Vi er glade for kvart einaste barn som kjem tilbake til oss, og kvart einaste barn som ikkje blir sendt ut at Norge.

 

Jan Kløvstad

Fylkestingskandidat for Venstre i Aust-Agder

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**