Program Odda Venstre

Odda Venstre, program 2015 – 2019

Venstre er det liberale partiet i Odda. Politikken vår kombinerer personleg fridom med ansvar for fellsskapet og kvarandre. Odda Kommune står foran store utfordringar, som også inneber store mulighetar. Dette er nokre av sakene som Odda Venstre vil arbeide for i neste periode:

 

Næringsutvikling

Utviklinga av næringslivet må har stort fokus framover.

  • Vi vil tilrettelegge nytt næringsareal med hovudfokus på Eitrheim, Røldal og Odda Sentrum.
  • Vi vil ha betre samordnig i kommunen og kontakt mot Næringshagen når næringslivet tar kontakt, og innarbeide fullt næringsfokus i heile administarsjonen.
  • Vi vil vidareutvikla smelteverkstomta i tråd med mulighetsstudie og intensjonane i reguleringsplanen som er under arbeid.
  • Vi vil legge til rette for at Odda kan kome inn på verdsarvlista til Unesco.
  • Vi vil bruke 20 % av kraftinntektene frå heimfall til næringstiltak som infrastruktur reiseliv både sommar og vinter, næringsfond, vekst og strategifond og støtte til næringsarbeidet til næringsorganisasjonar.
  • Vi vil tilrettelegge for turisttrafikken på Seljestad, Røldal, Trolltunga og Buerdalen.
  • Vi vil tilrettelegga for gondolbane frå Skjeggedal til Grytenuten og turisthytte på Floren.
  • Vi vil arbeide for realisering av pilgrimssenter i Røldal forutsatt fylkesmidlar og statlege midlar.
  • Vi vil arbeide for at storindustrien har gode vilkår for fortsatt vekst i Odda.

 

Lokalsjukehuset i Odda og helsetilbodet

Kompetansen ved lokalsjukehuset i Odda må styrkast.

  • Få nye nisjeområder innan medisin, kirurgi og psykiatri, saman med eit betre tilbod for somatiske tenester.
  • Rusomsorga må styrke førebygging og rehabilitering, og vi vil få på plass eit nytt butilbod i Gamle Yrkessulen.
  • Samarbeidet mellom kommunane i lokalsjukehusområdet og sentrale sjukehus må styrkast.
  • Vi vil bygge ny sjukeheim på Eide.
  • Vi vil ha eit helsehus der ein samlar alle kommunale helsetenester i Odda sentrum, enten i eige bygg eller som leigetakar i næringsbygg.
  • Vi vil fortsatt ha legetenester i Røldal.

 

Samferdsel

Vi må ha trygge og rassikre vegar i kommunen.

  • Vi er mot privatisering av kommunale vegar
  • Vi vil styrke vedlikehaldet av kommunale vegar.
  • Arbeide for tilrettelegging av sykkelstiar i Odda sentrum.
  • Vi må jobbe for dei gode overordna trafikkløysingane der Odda blir eit knutepunkt for hovudvegane.
  • Vi må rassikre R13 Odda-Tyssedal og Aurskreda ved Vasstun.
  • Tunnelen mellom Seljestad og Liamyrane på E 134 må byggast først, og vi går inn for lange tunnelar frå Liamyrane mot Vågslid.
  • Hordalandsdiagonalen gjennom Folgefonn/Jonadaltunnelen frå Jøsendal til Bergen må bli ein arm av E134 snarast. Det må arbeidast for den nye trasen frå Sandvin til Jøsendal med lange tunnelar og god tilkomst til Skare frå Espeland,
  • Vi vil ha trasear gjennom Odda Sentrum der ein unngår gjennomgangstrafikk i bygatene.
  • Arbeide for vidare innkortingar og bru på sambandet mot Bergen som på sikt kan gje ei reisetid mellom Odda og Bergen på 1,15.
  • Arbeide for andre vegforbetringar/rastiltak på RV 13 i Hardanger og Brattlandsdalen, og FV 550 Odda-Utne

 

Skuletilbodet og barnehagar

Vi vil arbeide for ein fortsatt god skule i Odda kommune.

  • Vi må vidareutvikla Grunder-satsing i Odda-skulane.
  • Vi må satse på høgskuletilbodet i Odda og vidareutvikle dette.
  • Vi vil bygge nye barnehagar i Skare og Eitrheimsvågen i 2016 og 2017, og arbeide for ny sentrumsbarnehage i perioden.

 

Friluftsliv, idrett og kultur

Gode tilbod er viktige for trivsel og helse for lokalbefolkningen

  • Røldal må få ny svømmehall i kombinasjon med ny fleirbrukshall.
  • Årlege midlar til å vidareutvikla og vedlikehalda idrettsanlegga og tiltak for friluftslivet i kommunen.
  • Vi må sikre at alle barn og unge får eit godt svømmetilbod.
  • Gradvis auke av tilskota til barne- og ungdomsorganisasjonar, idrettslag og ikkje-kommunale kulturanlegg.
  • Sikre lag og organsisasjonar tenlege lokaler for øving og anna lagsverksemd.
  • Sikre god tilgang for stiar og naturopplevingar både i bustad- og hytteområder, og vidareutvikla skiløypetilbodet på Seljestad og i Røldal.
  • Vi vil behalde dei kommunale badebassenga.

 

Kommuneøkonomi

Odda Venstre vil driva kommunen fornuftig økonomisk.

  • Sikre gode vilkår for den lovpålagte kommunale verksemda.
  • Drifte kommunen fornuftig slik at vi får råd til utbygging av sjukeheim, barnehagar, helsehus og rusbustadar.
  • Vi vil fordele dei årlege kraftinntektene frå heimfall og overskot i driftsrekneskapet med 40 % til vedlikehald, 30 % til investeringar, 20 % til næringsutvikling og 10 % til bufferfond.
  • Styrka plankapasiteten i kommunen for å få fart på planarbeidet som ligg langt på etterskot og unngå for mykje bruk av dyre konsulentinnkjøp.
  • Redusere den kommunale eigedomsmassen og selge det vi ikkje treng for kommunal drift.
  • Lyse ut brøytetenestene i kommunen utanom sentrum i Odda.

 

Bustadbygging

Odda Venstre vil tilrettelegge for vidare bustadbygging i kommunen.

  • Bygge rasvollar for å kome i gang med utbygging av sentrumsnære bustadar på Freim.
  • Tilrettelegge gjennom arealplan og sentrumsplan for sentrumsnære bustader i Røldal.
  • Gjennom arealplanen vurdere nye bustadområder nær sentrum og rundt bygdene.

 

Kommunestruktur

Odda Venstre er positiv til større kommunar i regioen.

  • Odda er eit regionsenter og vi er positive til ei samanslåing med Jondal og Ullensvang, samt grensejusetringar mot nabobygder dersom innbyggarane her ønsker det.
  • Vi er også positive til å se på ein større kommune rundt Folgefonna der også Kvinnherad og Etne er med.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**