Dette er utkastet til Vindafjord Venstre sitt valprogram for perioden 2015-2019. Det er opent for alle å kome med attendemeldingar og forslag til endringar. Dei kan verte sendt til 1. kandidat Rune eller 2. kandidat Vebjørn.
Vår visjon
Vindafjord skal vera ein bra stad for deg og dei du bryr deg om. Borna våre skal ha ein god oppvekst og dei eldste ein verdig alderdom.
Du skal bli inspirert og stolt av å bu i Vindafjord. Kommunen skal heie fram gründere, nye næringar og grøne arbeidsplassar. Her skal det vera rom for eit spanande kulturliv og eit rikt friluftsliv.
I Vindafjord skal me ta vare på det beste og viktigaste me har, og vern av miljø og natur er ramma for dette.
Venstre tar ansvar
Venstre set folk først!
Skule og bornehage
Venstre har ambisjonar for alle born, og er opptatt av at fortida ikkje skal avgjere eit born si framtid. Venstre vil ha ein skule som satsar på kunnskap og gir like moglegheiter. Venstre prioriterer skulen.
Venstre vil:
- jobba for full barnehagedekning
- vurdere gratis kjernetid for lavinntektsfamiliar
- styrke helsesøstertenesta
- arbeida for fridomen til læraren til å sjå kvar enkelt elev
- ha eit fokus på psykisk helse i skulen
- jobba for auka grad av etter- og videreutdanning av lærarar
Grønt skifte og grøn vekst
Me står framfor eit skifte i tida. Venstre er opptatt av at det skiftet skal vera så grønt, så mjukt og så effektivt som mogleg. Løysinga er å oppfordre til grøn vekst.
Ved å gjere det lønsamt og behageleg vil det vere enkelt å bidra til det grøne skiftet. Me trur òg at dei bedriftene som er best på miljø vil òg vinne i konkurransen i marknaden.
Venstre vil:
- opprette timesbuss langs E134
- opprette klimarekneskap i kommunen
- leggje til rette for grøn vekst
- avbyråkratisere oppstart av nye bedrifter
- jobba for å gi gründerar betre tilgang på risikovillig kapital
- arbeida for fleire læreplassar, spesielt innanfor grøne område
Eit levande kulturliv
Eit levande kulturliv gir folk i alle aldrar betre livskvalitet og stimulerer til nysgjerrigheit, kreativitet og mangfald. Støtta til kultur og idrett må både sikra dei gode talenta og den store breidda.
Lokale lag og foreiningar spelar ei svært viktig rolle i samfunnsutviklinga. Dei er pådrivarar i form av å utvikle nye tiltak og ved å koma med forslag til korleis lokalsamfunnet bør endrast.
Frivillig arbeid er ein dei viktigaste ressursane ein har for å byggja eit levande og inkluderande lokalsamfunn og å setje nye idear ut i livet.
Venstre vil:
- Fjerne arbeidsgivaravgifta for lag og organisasjonar
- auke støtta til frivillige lag og foreiningar
- styrke kulturskulen