Vegen til yrkesfaglig utdanning og fagbrev føreset arbeidsgjevarar som tek inn lærlingar og vidare arbeidsgjevarar som vel å tilsetje fagarbeidarar.
Nylig i media kunne vi lese at det er over 170 ungdommar som ikkje har læreplass i fylket. Dette er Sogn og Fjordane Venstre er djupt uroa over. I eit fylke der vi slit med fråflytting av ungdom er vi heilt avhengige av at ungdommen har dei tilboda som trengst.
I fylkestingsvalprogrammet vårt går vi til val på at vi skal sette ungdom først. Det betyr mellom anna at vi ikkje kan vere eit fylke der ungdommen ikkje kan få seg den utdanninga dei treng.
Sogn og Fjordane Venstre vil at ungdom enkelt skal kunne komme seg i jobb, det krev tilgjengelege læreplassar. Lukkast vi ikkje med å skaffe tilstrekkeleg med læreplassar så er vi redde for at ungdom ikkje vil satse på yrkesfag, og at fråfallet kan auke.All statistikk for gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at fråfallet er størst i overgangen frå skule til opplæring i bedrift.
Dette er ei utvikling som vi må snu. Derfor oppmodar Sogn og Fjordane Venstre alle private bedrifter til å ta imot fleire lærlingar. Vi trur og at det offentlige kan bli mykje betre i å ta imot lærlingar. Ungdommen må ha dei naudsynte utdanningstilboda elles blir dei nøydde for å sjå til andre. fylke for å fullføre utdanninga.
Politikarane har eit ansvar og vi må gjere det vi kan for at fleire skal få lærlingplass, i form av subsidiar og andre finansielle ordningar.
Eit tiltak vi vil gjennomføre er å fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar. Å fjerne denne avgifta vil stimulere arbeidsgjevarane til å ta inn fleire lærlingar. Venstre meiner det er meiningslaust å skattlegge lærlingplassar da dette er ein viktig del av den vidaregåande opplæringa for mange elevar. Venstre har også fått gjennomslag for å auke lærlingtilskotet, men vil jobbe for at det blir ytterlegare forsterka.
Utdanning er nøkkelen til vekst, nyskaping og tilflytting. Koplinga skule/næringsliv må bli sterkare for å utdanne framtidas grunderar. Vi må også følgje opp skulesatsinga i fylket med å bli best på etablering for unge menneske i overgangen til arbeidslivet. Her må vi ha klare prioriteringar!
Venstre tek på alvor kor viktig yrkesfaglig utdanning er for den einskilde eleven, for utviklinga til faga og for samfunnet. Vi har rett og slett ikkje råd til å gå glipp av fagkompetanse. Vi treng kvar einaste handverkar og fagarbeidar vi har høve til å få. Då må både private og offentlege vere flinke å etterspørje og bruke den flotte ungdommen vi har.
Sogn og Fjordane Venstre set ungdommen først!
Gunhild Berge Stang Daniel Gangeskar
Fylkesordførarkandidat 4. kandidat til fylkestinget