Om sentrumsgrensa – lesarinnlegg frå Geir Sønstebø

Bø Venstre vil at gjeldande sentrumsavgrensing for detaljhandel skal vidareførast i kommande kommunestyreperiode. Det er viktig for å kunne ha eit levande sentrum og for å kunne utvikle sentrum vidare.

Vi gjekk til val i 2011 på at det var viktig med ei fast sentrumsavgrensing slik at vi ikkje fekk etablering av kjøpesenter med mellom anna dagligvare- og klesbutikkar utanfor dagens sentrum. Det har vore fleirtal for ein slik politikk i kommunestyret denne perioden. Det har ført til utviding av Sønstebøtunet, etablering av leilegheiter i sentrum og fleire prosjekt som nå er begynt på eller blir begynt på i nær framtid. Etter sommaren startar bygginga av Skogen-kvartalet. Fortsatt er det god plass innanfor dagens sentrumsområde for vidare utvikling.

Den stramme avgrensinga av sentrum blei også vektlagt da fylkestinget nyleg løyvde kr 25 mill. til opprusting av Stasjonsvegen. I saka til fylkestinget heiter det mellom anna: «Bø er ein kommune i vekst og med eit bevisst forhold til arealbruk, og dei ønsker å fortette i sentrum.» Vidare heiter det: «Tiltaket må sjåast i samanheng med Bygdepakke Bø, eit prosjekt som skal vurdere trafikkmønsteret i tettstaden og legge betre til rette for miljøvenleg transport.»

Vi er i starten på arbeidet med Bydepakke Bø, som er eit samarbeidsprosjekt med fylkesmannen, vegvesenet og fylkeskommunen, der målet er å styrke og utvikle Bø sentrum ytterlegare.

I kommuneplanens samfunnsdel for perioden 2013 – 2025, som kommunestyret i desember 2013 vedtok einstemmig, står det bl.a.: «Bø kommune skal i planperioden oppretthalde ei restriktiv sentrumsavgrensing».

Til tross for dette fremma Bø Arbeiderparti i samband med behandling av kommuneplanens arealdel nå i april, forslag om utviding av sentrumsgrensa for detaljhandel. Forslaget blei nedstemt i kommunestyret. Kan vi stole på Arbeiderpartiet i denne saka? Kva betyr det dei seier i valprogrammet sitt om å leggje til rette for ei framtidsretta sentrumsutvikling? Ønsker dei å spreie sentrum utover? Vi har fleire døme på at sentrum har blitt nærmast tømt og utan aktivitet når det blir etablert kjøpesenter utanfor. Det er nok å vise til Notodden med Tuven og Skien med Herkules.

Bø Venstre ønsker ikkje å endre dagens sentrumsgrense for detaljhandel. Vi ønsker eit levande og triveleg sentrum med eit yrande folkeliv. Bø Venstre er ein garantist for at dagens sentrumsavgrensing også blir gjeldande i kommande femårsperiode. Stem derfor Bø Venstre ved valet i september.

 

Geir Sønstebø

Leiar for utval for plan, teknikk og næring (PTN)

  1. kandidat for Bø Venstre
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**