Sosialt ansvar

Eldre stokk omsorg

Kjernen i Venstre sin helse- og omsorgspolitikk er at fleire oppgåver må løysast nærare den einskilde brukar. Det krev ei omfordeling av fagfolk og ressursar frå statleg spesialisthelseteneste til kommunane, slik at desse vert sett i stand til å løyse nye oppgåver.

 
Flora Venstre vil:
• styrke barnevernstenesta m.a. gjennom auka satsing
på førebyggande tiltak og ha ei teneste som er ute i
skuler og barnehagar
• Venstre ønskjer «ein lettare kvardag» for dei tilsette
med betre fysisk tilrettelegging gjennom større bruk av
velferdsteknologi
• styrke og vidareutvikle dagtilbod for eldre
• ha fokus på aktivitetstilbodet til eldre i samarbeid med
frivillige organisasjonar
• skape moglegheit for eigen bustad for tidlegare
rusavhengige

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**