Oppvekst

Oppvekst
Foto: Truls Kleiven

Barnehagar, skule og skulefritidsordning må vere med på å sikre barn trygge og stimulerande oppvekstvilkår og lære dei å ta omsyn til miljøet.
Ei god vaksenoppfølging er avgjerande for ein god barnehagesektor. Det er difor naudsynt å sikre gode rammevilkår for både private og kommunale barnehagar.

 
Flora Venstre vil:
• redusere barnetallet på avdelingane i barnehagane til 18–9
• halde på eksisterande skulestruktur så lenge elevtalet er på eit pedagogisk forsvarleg nivå
• legge til rette for helsesøster og vaktmeister ved kvar av dei store skulane
• styrke PPT og lokalisere denne tenesta til skulane
• styrke helsestasjonen

 
Kultur og ungdom.

Ungdom må få høve til å vere med på å bestemme form og innhald i aktivitetar og fritidstilbod. Ungdommens Bystyre vil vere sentrale i slike prosessar. Venstre ser det som viktig å ha tilbod til ungdom som er eldre enn Haffen si målgruppe.
Flora Venstre ønskjer å styrke Samfunnshuset som samlingspunkt t.d. med eit meir attraktivt bibliotek med utvida opningstider. Av omsyn til både ungdommen og kulturlivet er det viktig å styrke kulturskulen. Flora Venstre vil ha ekstra fokus på og innsats for at innvandrarungdom skal sikrast kulturaktivitetar.

Flora Venstre vil:
• ha leikepark, stellerom og sanitærfasilitetar i sentrum
• ha konkrete førebyggande tiltak retta mot ungdom og rus, og auke samarbeidet med skulane i samband med dette
• ha eit rusfritt ungdomstilbod som skal vere ein del av alle kultur- og idrettsprosjekt kommunen gir støtte til
• gi frivillige lag og organisasjonar betre vilkår
• styrke arenaer der born og unge kan møtast utan krav til organisert aktivitet
• vidareutvikle folkeparken på Sørstrand

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**