Næring

grønn_vekst

Flora kommune er avhengig av eit sterkt og utviklande næringsliv. For at kommunen skal vekse må også det skje vekst i tal arbeidsplassar. Flora Venstre vil føre ein utviklande og god næringspolitikk som skal føre til vekst i nye og eksisterande næring.

 
Flora Venstre vil:
• samarbeide for Grøn vekst i Flora kommune
• vidareutvikle beredskapsbyen Florø
• ha utvikling av sterke næringsklynger
• satse på Fram Flora som kommunen sitt næringsapparat
• at kommunen må stimulere leverandører til innovasjon gjennom innkjøp
• syte for at næringslivet kan halde seg til gode arealplanar
• arbeide for å utvikle fleire høgskuletilbod i Florø
• oppretthalde kommunikasjonen og rutetilbodet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**