Stranda Venstre stilde opp med stand på Hellesyltdagane. Det er noko rart med Hellesyltdagane – Same kva vêr vi har hatt i dagane og vekene før, så skin sola og temperaturen stig når Hellesyltdagane vert arrangert.
I år var dei fleste partia i Stranda samla til ein forsmak på valkampen. Vi kan melde om god stemning, mykje folk og mange gode samtaler og små og store saker som opptek folk i Stranda. Vi ynskjer alle parti og kandidatar lukke til i valkampen.
Stranda Venstre var representert ved leiar Svein Kvaløy jr. og 1.kandidat Trond Otto Berg