Valliste 2015

Kort presentasjon kandidatar

Våre kandidatar

  1. Jon Ove Lomheim er fødd i 1953 og busett på Hafslo. Han er sivilingeniør med erfaring som leiar av ingeniørverksemd og hatt fleire verv i selskap og frivillige organisasjonar. Han har vore medlem av kommunestyret i 24 år og i formannskapet siste periode. Jon Ove engasjerer seg i saker for både unge og eldre, kultur, samferdsel og infrastruktur.
  1. Mary Aasen er fødd i 1952 og busett i Jostedal. Ho jobbar i heimetenesta som heimehjelp og er elles oppteken av rettane til dei som er funksjonshemma. Ho brenn for aktivitetar for dei eldre og at organisasjonar får tilskot som takk for frivillig arbeid og inspirasjon til dugnadsarbeid.
  1. Einvald Søreide Erichsen er fødd i 1977 og busett på Nes. Han er utdanna adjunkt og jobbar som lærar ved Gaupne skule. Han har verv i Luster Turlag og Sogn og Fjordane Turlag. Einvald er oppteken av saker som gjeld naturvern, friluftsliv, utdanning og skule.
  1. Sandhya Karlsen Holene er fødd i 1984 og busett på Hafslo. Ho er utdanna kokk og tilsett i Luster kommune. Ho er oppteken av sikra nok ressursar til både barnehage, skule og omsorg. Ho engasjerer seg også for folkehelsearbeid, førebyggande tiltak spesielt for ungdom og arbeidet til dei frivillige.
  1. Kristoffer Melheim er fødd i 1946 og bur på Indre Hafslo. Han er cand paed. og tilsett som høgskulelektor/førstelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Sogndal og har drive småbruk med økologisk sauehald. Kristoffer har hatt fleire verv i frivillige og offentlege organisasjonar lokalt, på fylkes- og landsplan. Kristoffer er særleg engasjert i skule, idrett, bygdeutvikling og distriktspolitikk.
  1. Are Lindar Langebeck er fødd i 1965 og busett i Skjolden. Are har utdanning frå universitetet i Tromsø. Yrkespraksisen er variert, men han har flest år som lærar i ungdomsskulen. Are er mest oppteken av å legge til rette for gode oppvekstvilkår for born og unge og levande, framtidsretta og inkluderande bygder.
  2. Jeanette Aaland Brun er fødd i 1985 med bustadadresse Jostedal. Ho er utdanna sosionom med vidareutdanning i sosialt arbeid sist år på Hawai. Jeanette ønskjer prioritera bærekraftig arbeidsplassar i Luster, rehabilitering, alternative arbeidstilbod for personar med vanskar å meistra vanleg arbeid, tilrettelegging for dei som satsar på jordbruk og kjempe for mest mogeleg urørt natur.

Våre 21 listekandidatar representerer heile kommunen og eit mangfald i alder, yrke og samfunnsengasjement. Det er veljarane som avgjerd rekkjefølgja på lista og dermed kven som skal representere Venstre i kommunestyre, i utval og nemnder dei neste 4 åra.

Valliste for Luster Venstre ved kommunevalet 2015

Namn Fødselsår Bustadadresse
1 Jon Ove Lomheim 1953 Hafslo
2 Mary Aasen 1952 Jostedal
3 Einvald Søreide Erichsen 1977 Høyheimsvik/ Luster
4 Sandhya Karlsen Holene 1984 Hafslo
5 Kristoffer J. Melheim 1946 Marifjøra
6 Are Lindar Langebeck 1965 Skjolden
7 Jeanette Aaland Brun 1985 Jostedal
8 Geirr Vetti 1961 Skjolden
9 Tordis Skjerdal Rauboti 1954 Solvorn
10 Olav Krokgilgja Stølen 1931 Jostedal
11 Ellen Borch Veum 1960 Gaupne
12 Øyvind Kvalen 1955 Ornes
13 Judith Gausdal 1958 Hafslo
14 Vidar Aasen 1979 Jostedal
15 Torill Yttri Otterhjell 1954 Fortun
16 Styrk-Andre Hofslundsengen 1982 Hafslo
17 Jannike Skår 1970 Solvorn
18 Einar Ese 1953 Jostedal
19 Liv Norunn Hunshamar 1961 Høyheimsvik/ Luster
20 Eirik Kvalen 1954 Gaupne
21 Steinar Bruheim 1955 Jostedal

Liste vedteke på nominasjonsmøte 04.03.2015

 

Ellen Borch Veum Steinar Bruheim Jon Ove Lomheim

-tillitsvalt liste – -styremedl.- -leiar i styret-

. -vara. tillitsvalgt liste-


 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**